Faktaboks

Hagbard Berner

Hagbard Emanuel Berner; H.E. Berner

Fødd
12. september 1839, Sunndal, Nordmøre
Død
24. januar 1920, Kristiania (no Oslo)
Verke
Politikar og embetsmann
Familie

Foreldre: Sokneprest Ole Christian Berner (1807–1865) og Laura Nicoline Collin (1806–1874).

Gift 27.7.1871 med Selma Augusta Hovind (3.8.1846–14.10.1919), dotter til overtollbetjent Ole Larsen Hovind (1811–1883) og Berthe Kathrine Sørensdatter (1817–1862). Svoger til Hans Mustad (1837–1918) og Hans Gerhard Stub (1849–1931).

Hagbard Berner
Hagbard Berner ca. 1880.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Hagbard Berner var ein norsk avisredaktør, politikar for Venstre, forleggjar og foreiningsmann. Som stortingsrepresentant og grunnleggjar av Dagbladet og Det Norske Samlaget var han ein sentral aktør i det store Venstre-prosjektet som endra Noreg på 1800-talet.

Han hadde ein særs mangfaldig karriere. Han var første formann i Det Norske Samlaget frå 1868 til 1877, redaktør av Dagbladet frå 1869 til 1879, stortingsrepresentant for Venstre frå 1880 til 1888 og seinare riksrevisor, hypotekbankdirektør og borgarmeister i Kristiania.

I 1884 vart han første formann i Norsk Kvindesagsforening, og i åra 1891 til 1909 var han formann i Norsk Ligbrændingsforening. Berner var heile livet i sterk opposisjon til unionen med Sverige og ein forkjempar for norsk sjølvstende både når det galdt språk og politikk. Han var på same tid strategisk tenkjar og praktisk igangsetjar i ein av dei mest hendingsrike epokane i norsk historie.

Bakgrunn

Hagbard Emanuel Berner var fødd i SunndalNordmøre og levde sine barneår ymse stader på Vestlandet der faren var prest. I 1850 flytte familien til Ås i Akershus. I 1858 tok Hagbard studenteksamen og i 1863 juridisk embetseksamen. To år seinare vann han Kronprinsens gullmedalje for ei juridisk avhandling om utanlandske kjelder til den norske grunnlova. Men yrkeskarrieren hans som jurist vart heller kort i første omgang: eit halvår som byfut i Kristiansund i 1867 og ei kortvarig kopiststilling i Justisdepartementet. Interessene hans gjekk i andre leier.

I Christiania var Berner knytt til eit verksamt intellektuelt miljø, «Døleringen», som var særleg oppteke av nasjonale og demokratiske verdiar i politikk og åndsliv. Sentrale personar i miljøet var mellom andre historikaren Ernst Sars og Aasmund Olavsson Vinje. Berner merkte seg ut i denne krinsen med ein kvilelaus trong til å omsetja idear i handling, og den trongen kom til å prega heile livslaupet hans. Sakene han brann for var talrike, sameleis initiativa til å fremja dei.

Ikkje minst vart han ein føregangsmann i framveksten av det norske organisasjonssamfunnet. Berner personifiserte den «assosiasjonsånda» som greip om seg i samfunnet ut etter 1800-talet: trua på samanslutninga som reiskap til å fremja felles føremål. Ei rekkje nye og leveføre organisasjonar kom til på hans initiativ eller ved hans medverknad. Også på eit anna område var han nyskapande, som ein av pionerane for den moderne politiske pressa.

Målsaka

Målsaka var den første saka som fekk nyta godt av Berners engasjement og organisasjonstalent. Kampen for «det norske folkemålet» skulle bli ei livslang interesse. I 1868 – 29 år gammal – gjorde han opptaket til Det Norske Samlaget i Christiania, som var både medlemsorganisasjon for målfolk og forlag for dei som skreiv på landsmålet. Han stod som formann for samlaget i ni år.

Redaktør i Dagbladet

Berner fekk også tidleg interesse for journalistikken. Saman med Anthon Bang grunnla han Dagbladet, som kom ut i 1869 med Berner som redaktør, ei stilling han hadde til 1879. Bladet følgde ein nasjonal og liberal politisk kurs i opposisjon mot det rådande embetsmannsregimet, og hadde eit nært forhold til den politiske venstrerørsla som var i emning.

Gjennom 11 strevsame år bygde han opp Dagbladet til å bli den viktigaste venstreavisa i landet, i klar opposisjon til den konservative, unionsvenlege regjeringa under leiing av Frederik Stang.

Framleis står portrettet av Hagbard Berner på side 2 i kvar einaste utgåve av Dagbladet, saman med føremålsparagrafen for avisa: «Uavhengig og riksdekkende venstreorgan for frisinnet og fremskrittsvennlig politikk i nasjonalt, sosialt og økonomisk henseende.» Selskapet som gav ut Dagbladet, tok i 2007 namnet Berner Gruppen AS, men selde Dagbladet til Aller Media AS i 2013.

Politikk

Johan Sverdrups mann

Kampen for det reine norske flagget var ei anna av kampsakene til Hagbard Berner, og dei politiske motstandarane hans kalla han ofte Flagg-Berner. Sjølv om han som person vekte sterke kjensler, klarte han i 1879 å bli vald inn på Stortinget. I 1883/1884 spela han ei aktiv rolle i førearbeidet til skipinga av Norges Venstreforening, der han vart varamann til det første landsstyret.

På Stortinget hadde han ein framskoten plass innan Venstre den første tida, mellom anna som formann i budsjettkomiteen. Han var ein av dei næraste medarbeidarane til Venstre-leiaren Johan Sverdrup, og sat i riksretten som i 1884 felte regjeringa Selmer og dermed bana vegen for det parlamentariske styresettet i Noreg.

Berner var blant dei som miste plassen sin då Venstre gjekk på eit nederlag ved stortingsvalet i 1888.

Breitt politisk engasjement

Ved sida av det daglege arbeidet sitt var Hagbard Berner heile livet engasjert i aktuelle politiske spørsmål. I 1880/1881 var Berner ein av initiativtakarane til folkevæpningssamlaga, ein skyttarorganisasjon nær knytt til den opposisjonelle venstrerørsla.

Saman med Gina Krog var han med og stifta Norsk Kvindesagsforening i 1884, og vart vald til første formann i foreininga. Usemje om kor raskt ein skulle gå fram med å innføre kvinneleg røysterett, gjorde at han trekte seg alt året etter.

Som formann i Norsk Ligbrændingsforening i 20 år frå 1891 fekk Berner gjennom at kremering frå 1898 skulle vere lovleg i Noreg. Juryordninga og internasjonal skilsdom var andre saker han engasjerte seg sterkt i. Han var ein typisk demokratisk reformator, som brukte dei juridiske evnene sine til å nå politiske mål.

Han vart verande «lauskar» i politikken også etter at han forlet Stortinget 1888, og deltok aktivt i det offentlege ordskiftet med tidsskriftartiklar og småskrifter om politiske og økonomiske emne. På ei rekkje område lanserte han framlegg om radikale reformer, mellom anna om forholdstalsval til Stortinget (1889), om grunnlovfesta folkerøysting (1898) og mot slutten av sin offentlege karriere om verdistigningsskatt på jord og grunn (1907).

Frå 1871 til 1898 var Berner statsrevisor og 1884–1899 direktør i Hypotekbanken, og gjorde ein viktig innsats for omlegginga av jordskattesystemet i Noreg. Han fekk utløp for engasjementet sitt i jordbruksspørsmål, men møtte òg mykje motstand mot dei mange ideane og initiativa sine. I 1898 vart han utnemnd til borgarmeister (tilsvarande dagens byrådsleiar) i Kristiania, ei stilling han hadde til han avslutta yrkeslivet sitt i 1912.

Med sin allsidige kunnskap vart Berner mykje nytta som medlem av offentlege utgreiingskommisjonar, mellom anna banklovkommisjonen (1884), brennevinsmonopol-komiteen (1889), den parlamentariske arbeidarkommisjonen (1896) og kommisjonen som utgreidde matrikkel- og verdistigningsskatt (1910).

Ettertidas vurdering

Hagbard Berner står som representant for ein av dei viktigaste generasjonane i norsk politisk historie. På nokre få tiår gjekk dei frå absolutt opposisjon til gradvis posisjon og utvikla seg politisk gjennom tre fasar: frå mobilisering til organisering, og frå organisering til strukturering. Hagbard Berner var ein sentral deltakar i alle dei tre fasane av dette politiske eventyret.

Men trass i all sin sans for organisert samarbeid var Berner først og fremst ein individualist i sitt offentlege liv. Han hadde vanskeleg for å innordna seg under andres leiing eller finna seg til rette i faste grupperingar. «Jeg handler og vil handle som en selvstændig Mand», skreiv han til ein ven (Nicolai Sørensen) i 1887. Han var då fallen i unåde hos partiopposisjonen mot Johan Sverdrup og kjende seg utstøytt frå det «reine» Venstre.

Utgivingar

  • Folket i Vaaben, 1890
  • Den almindelige Stemmeret, 1891
  • Norsk eller fælles Udenrigsminister?, 1891
  • Kvindestemmeretten, 1898

Etterlatne skrifter

  • H. E. Berners arkiv er oppbevart i Riksarkivet (privatarkiv nr. 271)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Berner. En norsk slekt i 300 år, utgitt av Slektsforeningen Berner, 1984
  • Berner, Hagbard: «Fraa ungdomsaari», i Syn og Segn, 1917
  • Berner, Hagbard: «Minningar fraa stortingstidi mi», i Syn og Segn, 1917–1919
  • Birkeland, Bjarte m.fl.: Det Norske Samlaget 1868–1968, 1968
  • Hovdenakk, Sindre: Alt er politikk. Hagbard Berner og hans tid. Oslo 2007
  • Koht, Halvdan: «H. E. Berner», i Syn og Segn, 1919
  • Koht, Halvdan: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 1, 1923
  • Kaartvedt, Alf og Hartsang, L.C.: Kongeriket Norges Hypotekbank 1852–1952, 1952
  • Mjeldheim, Leiv: Folkerørsla som vart parti. Venstre frå 1880-åra til 1905, 1984
  • Mjeldheim, Leiv: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2), bind 1, 1999
  • Moksnes, Aslaug: Likestilling eller særstilling? Norsk Kvinnesaksforening 1884–1913, 1984
  • Sørensen, Øystein: «Det moderne gjennombrudds menn: Berner og Holst», i Dahl, Hans Fredrik m.fl. (red.): Utskjelt og utsolgt. Dagbladet gjennom 125 år, 1982

Faktaboks

Hagbard Berner
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036392063043

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg