Haakon Magnus er einaste son av kong Harald 5. og dronning Sonja, som var kronprinspar då Haakon Magnus blei fødd. Dei gjorde kjent at arveprinsen til dagleg skulle bruke namnet Haakon (Håkon).
Han vaks opp saman med den to år eldre søstera, prinsesse Märtha Louise, på kronprinsparets eigedom Skaugum i Asker, der han og dei andre i dagens kronprinsfamilie bur i dag.
Stortinget vedtok i 1990 ei endring av Grunnlovas § 6, som innebar at kvinner og menn fekk lik arverett til trona, men det skulle ikkje ha tilbakeverkande kraft og kunne dermed ikkje gjelde borna til kong Harald. Haakon er difor tronarving sjølv om søstera prinsesse Märtha Louise er eldst.
Kronprins Haakon gifta seg med Mette-Marit Tjessem Høiby i Oslo domkirke 25. august 2001. Saman har dei borna prinsesse Ingrid Alexandra og prins Sverre Magnus. Kronprinsesse Mette-Marit har ein son frå eit tidlegare forhold, Marius Borg Høiby, som har vakse opp saman med søskena.
Mette-Marit var som svigermora, dronning Sonja, av ikkje-kongeleg byrd. I tillegg hadde ho vore ein del av eit aktivt festmiljø. Kronprinsen brukte sjølv omgrepet «utagerande» om ungdomstida til Mette-Marit. Valet av livsledsagar bidrog til å utløyse ein debatt om det norske monarkiet, ein debatt som har avteke etter bryllaupet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.