Húsavík er ein by på Island, ved fjorden Skjálfandi på nordkysten, nordaust for Akureyri. Húsavík er omtalt alt i 870.
Húsavík er eit handelssenter med fiskeindustri og turisme. Byen har hamn, fiskeflåte og flyplass. Turismen er aukande på grunn av den vakre naturen i omlandet og tilbodet om kvalsafari utanfor kysten. I alt er det observert 23 kvalarter i farvatnet rundt Island, og i Skjálfandi er dei vanlegaste artene blåkval, knølkval og vågekval. Vassfalla Aldeyjarfoss, Dettifoss, Goðafoss og Æðafossar og canyonen Ásbyrgi er blant naturperlene omkring Húsavík.
Byen har ei vakker trekyrkje frå 1907 og eit kvalmuseum.
Húsavík er vennskapsby med Fredrikstad.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.