Faktaboks

Grindavík

Gridavíkurbær

Uttale
grˈindav:ik
Innbyggjartal
3580 (2024)
Den blå lagune
Den viktigaste turistattraksjonen i Grindavík er det geotermiske badeanlegget Bláa lónið.

Grindavík er ein tettstad og ein kommune på Island, på sørkysten av halvøya Reykjanes. Kommunen har eit areal på 423 km2, og ligg i golde omgjevnader på ein vêrhard kyst. Grindavík ligg tett ved ein sone med aktiv vulkanisme. I 2023–2024 var det fleire utbrot, og folk var i lange periodar evakuert frå staden.

Grindavík har ei stor og aktiv fiskerihamn og fiskeindustri. Den viktigaste turistattraksjonen er det geotermiske badeanlegget Den blå lagune.

Den islandske forfattaren Guðbergur Bergsson er født i Grindavík.

Historie

Grindavík var lenge ein ganske livleg handelsstad. I 1532 stod det eit slag mellom engelske og tyske handelsmenn her, og i 1627 blei staden plyndra av algeriske sjørøvarar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg