Giza var ein av hovudstadane i Det gamle Egypt. Giza ligg på vestbreidda av Nilen, nord for Memfis, og like sør for det moderne Kairo. Området er best kjent for dei store gravkompleksa sine, og var i bruk så tidleg som det første dynasti (2900–2730 fvt.). Giza nådde sitt absolutte høgdepunkt under det fjerde dynasti (2543–2436 fvt.), men mistar deretter gradvis posisjonen sin fram mot utgangen av det gamle riket (2543–2120 fvt.).
Gizaplatået deler seg i to veldefinerte grupper. Den første, som er størst og mest viktig, består av ni pyramidekompleks, med omliggjande felt av ikkje-kongelege gravkammer (mastabaar). Dei tre største og mest komplette kompleksa tilhøyrer faraoane Kheops (2509–2483 fvt.), Khefren (2472–2448 fvt.) og Menkaura (2447–2442 fvt.).
Pyramidekompleksa er bygde langs ein aust-vest-akse. I vest, oppe på platået, står pyramiden med eit gravtempel på austsida. Frå gravtemplet gjekk det ein prosesjonsveg mot aust ned til elvebreidda, der komplekset munna i eit daltempel og ei hamn. I dette lågare området finn ein også Sfinksen.
På eit høgdedrag mot søraust ligg den mindre viktige sørgruppa, som består av ei samling ikkje-kongelege graver. På flata nedanfor denne siste gruppa finn ein også spor etter ein arbeidarlandsby, samt delar av kongelege administrasjonsbygningar. Landsbyen har ein tydelig planlagd struktur, og har slik vakse fram i løpet av relativt kort tid.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.