Fiske er ein viktig næringsveg i Giske og bidreg vesentleg til at kommunen har ein forholdsvis høg prosentdel sysselsette i primærnæringane. I 2016 var 10,3 prosent av arbeidsplassane i kommunen innan desse næringane.
Fiskeflåten består av gjennomgåande store båtar. I 2015 førte desse i land ein fangst til ein førstehandsverdi på 910 millionar kroner, noko som etter Herøy er mest blant kommunane i fylket. Klart viktigast er torsk og liknande artar. Størstedelen av fangsten blir ført i land utanfor kommunen. Fisket gir også grunnlag for ei rekkje bedrifter for tilverking og omsetning av fisk og reparasjonsverkstad for båtane. Jordbruk blir drive særleg på Godøya og Vigra og er hovudsakleg basert på mjølkeproduksjon.
Industrien står for 13,9 prosent av arbeidsplassane i kommunen, 20,7 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning. Her dominerer særleg verkstadindustrien med 55,6 prosent av dei industrisysselsette, særleg maskin- og metallvareindustri (2016). Også næringsmiddelindustri, særleg fiskeforedling, er ein viktig industribransje med 30,4 prosent av dei tilsette i industrien. Elles har tekstil- og trelast-/trevareindustri høvesvis 6,9 og 3,5 prosent av dei tilsette i industrien (2016).
Giske har lite vasskraftproduksjon. Kommunen har eitt vasskraftverk, Alnes Vannbehandlingsanlegg (i drift fra 1997), med ein årleg produksjon på 0,18 gigawattimer (gjennomsnitt 1993-2020).
Av dei busette yrkesaktive i Giske arbeider halvparten utanfor kommunen. 37 prosent har arbeid i Ålesund, og seks prosent i dei andre kommunane på Sunnmøre. Det er elles ein del pendling til Giske frå Ålesund (316 personar 2014), vesentleg til Ålesund lufthavn, Vigra. Pendlinga frå Ålesund svarer til 12 prosent av arbeidsplassane i Giske.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.