Den siste av librettistane som var innom Manon Lescaut, var Luigi Illica, som saman med Giuseppe Giacosa skreiv dei tre neste librettoane for Puccini. Desse to, med Ricordi som meklar og mellommann, greidde å handtere dei enorme krava Puccini stilte, og var med på å skape dei største suksessane hans.
Den første operaen dei skreiv saman var La Bohème (1896), med ei historie som er typisk verismo: Den fattige diktaren Rodolfo forelskar seg i den tuberkulosesjuke syerska Mimì, og operaen følgjer den håplause kampen deira for å få til eit liv i lag, underlagde miskunnslaus fattigdom. Den musikalske realismen er òg tydeleg: Puccini stoppar nesten aldri tida for eit musikalsk nummer, slik norma var tidlegare. I La Bohème er det i dei små samtalane at dei store, emosjonelle augneblinkane kjem, og dei forsvinn att like brått som dei kjem. La Bohème sin suksess gjorde at Puccini seinare aldri trong å tenkje på pengar.
I Tosca (1900) dominerer dette musikalske aspektet av verismen, i tillegg til eitt nytt: ein historisk setting for den fiktive handlinga. Alt går føre seg 17. juni 1800, tre dagar etter Napoleon sin siger ved Marengo. Utfallet av slaget, med følgjene det fekk for den politiske situasjonen i Roma, set premissane for handlinga: Operadivaen Floria Tosca elskar den revolusjonære kunstnaren Cavaradossi, som vert dømd til døden for å ha hjelpt ein fange med å flykte frå den vonde politisjefen Scarpia.
Igjen var autentisk lyd viktig: Til førsteakta konsulterte Puccini kyrkja om kva liturgi som ville ha vore brukt, og til tredjeakta fann han ut kva for klokker ein ville ha høyrt ved daggry i Roma, samt kva tonehøgder dei hadde, slik at han kunne gjenskape dei så realistisk som råd på scena. Slutten på førsteakta kan minne om ein eldre concertato-finale, men stoppar aldri tida. Kanonane varslar om fangen som har rømt, klokkene ringjer til messe, koret syng autentisk liturgi, medan Scarpia fantaserer om planane sine. Slik lét Puccini dei musikalske nummera vekse ut av handlinga og dialogen, i staden for omvendt.
Handlinga i Madama Butterfly (1904) går føre seg i Japan, der den unge Cio-Cio-San vert gifta bort til den amerikanske offiseren Pinkerton. Ho elskar han, men han er berre ute etter ein kortvarig affære, før han reiser heim og giftar seg «på ordentleg» med ei amerikansk kvinne. Puccini sitt harmoniske språk vart meir og meir avansert i denne tida, og Cio-Cio-San er den mest mangefasetterte figuren han hadde komponert til då, med stor indre utvikling.
Tosca og Madame Butterfly var så moderne og nyskapande at publikum var rådville. Suksessen rundt desse lét difor vente på seg. Resultatet vart at Puccini delvis omarbeidde Madame Butterfly.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.