Medan han kjempa mot sviktande helse, blei Orwell etter krigen meir og meir opptatt av det som skulle bli siste boka hans.
Nittenåttifire er ikkje noko testamente, men samlar like fullt i seg mykje av det Orwell var opptatt av og ville åtvare mot. Romanen presenterer ei muleg framtidig samfunnsform der Orwell har dramatisert konsekvensane av internasjonale tendensar han meinte å sjå i 1930- og 1940-åra. Nittenåttifire er ein dystopisk framtidsroman med element av science fiction. Romanen teiknar eit skrekkbilde av samfunnet slik det i verste fall kan bli.
I 1984 er verda oppspalta i tre supermakter – Oceania, Eurasia og Eastasia – som liknar kvarandre både ideologisk og i maktstruktur. Ein permanent skinnkrig mellom dei tener som påskot for valdsbruk i eige maktområde. Her sørgjer eit altomfattande propaganda- og kontrollapparat for stadig nyprogrammering av det menneskelege medvitet ved hjelp av slagord som «Krig er fred», «Fridom er slaveri» og «Ignoranse er styrke».
I denne totalitære verda finst det ikkje noko som er historisk sikkert, og målet for styresmaktene synest vere ei total fortrenging og utreinsking av individuelt medvit. Hovudpersonen i romanen, Winston Smith frå Oceania, arbeider med systematisk historieforfalsking i partiet si teneste. Winston har enno noko varmt menneskeleg i seg, men forsøket hans på opprør mot eit inhumant samfunnssystem mislykkast: Han kjenner hat mot partiet, men det er umuleg for han å tenkje seg noko alternativ betre verd. Winston blir arrestert og torturert, og frigitt blir han først då han har slutta å eksistere som individ.
Sjølv om det totalitære samfunnet Orwell teiknar i Nittenåttifire, ikkje er blitt realisert, viser utviklinga i mange nasjonar tendensar mot eit slikt samfunn. Det gjeld blant anna overvaking av innbyggarane, noko som med moderne teknologi kan gjennomførast mykje meir effektivt i dag enn då Orwell skreiv romanen på slutten av 1940-talet. Setninga på første sida av romanen, «BIG BROTHER IS WATCHING YOU», signaliserer relevansen romanen har i dag – i varierande grad og med ulike konsekvensar i nasjonar verda over.
Nittenåttifire er meisterleg politisk spekulasjon i romans form. Mange kritikarar har samanlikna boka med Thomas Hobbes' Leviathan (1651), ein klassikar i britisk politisk filosofi. Romanen som Nittenåttifire mest direkte knyter an til, er ungarsk-britiske Arthur Koestlers Mørke midt på dagen (originaltittel: Darkness at Noon, 1940), som uttrykkjer Koestlers vonbrot over Sovjetunionens kommunistiske ideologi ved starten av andre verdskrigen.
Orwells dystopiske framtidsvisjon blir presentert og intensivert gjennom forteljemåten hans. Dei litterære verkemidla ligg ikkje så opp i dagen i Nittenåttifire som i Animal Farm, men dei er avgjerande for krafta i Orwells retorikk og samfunnskritikk, for eksempel kombinasjonen av sarkasme og ironi i presentasjonen av ein institusjon som «Kjærleiksdepartementet». Mange av orda og uttrykka i romanen har gått inn i det engelske språket og har til saman danna grunnlaget for adjektivet «Orwellian». Blant desse er «Big Brother», «doublethink», «thoughtcrime», «Newspeak», «memory hole» og «telescreen».
Nittenåttifire fekk raskt uvanleg gjennomslag ikkje berre litterært og kulturelt, men også politisk. Romanen har vore sensurert i fleire land og er blitt vurdert som undergravande og/eller ideologisk korrumperande. Mange politiske maktregime har kjent seg igjen i og har derfor protestert imot maktkritikken som romanen presenterer.
Filmen Nineteen Eighty-Four (1984) av den britiske regissøren Michael Radford og med John Hurt, Suzanna Hamilton og Richard Burton i dei viktigaste rollene følgjer Orwells tekst relativt nøye. Som romanen er også filmen ein dystopisk framtidsvisjon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.