Geiranger er ei bygd i Stranda kommune, Møre og Romsdal. Bygda ligg omkring den cirka 16 kilometer lange, tronge og bogeforma Geirangerfjorden, som er den inste, søraustlege armen av Storfjorden. Geiranger har 226 innbyggjarar (2020).
Geirangerfjorden blei, saman med Nærøyfjorden, skriven inn på UNESCOs verdsarvliste i 2005. Det er dei store geologiske verneverdiane og det slåande vakre landskapet som er grunngivinga for vedtaket.
- Les meir om Geirangerfjorden.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.