Faktaboks

Flåvatn
Etymologi

Navn etter garden Flå og Flåbygd, av norrønt flá, ‘flate eller hylle i fjellside’.

Røyrfjorden av norrønt (H)røyrir, trolig gammelt navn på hele sjøen.

Region
Telemark
Kommune
Nome, Kviteseid
Vassdrag

Skiensvassdraget

Viktigaste tilløp
Fjågesundstraumen
Viktigaste utløp
Straumen
Areal
20 km2
Reguleringshøgd
69,5-72,0
Djupn
121
Volum
1260 mill. m3

Flåvatn er ein innsjø i Nome og Kviteseid kommunar i Telemark. Flåvatn er den austlegaste av dei tre samanhengande sjøane BandakKviteseidvatnet–Flåvatn, og inngår som ledd i den lange innsjøvassvegen Bandak–Norsjø-kanalen.

Sjøen strekker seg frå Flåbygd i Nome i aust til Fjågesund i Kviteseid i vest. I Nome er sjøen heller trong, mens han vidar seg ut vestover i Kviteseid kommune. Her blir sjøen også kalla Røyrfjorden. Ein arm av fjorden, Kilepollen, strekker seg her på nordsida inn til grenda Kilen. Ved Fjågesund er Flåvatnet samanhengande med Kviteseidvatnet gjennom den tronge Fjågesundstraumen. Avløpet til Norsjø i ast går gjennom Straumen og Eidselva.

Flåvatn, Kviteseidvatnet og Bandak er regulert med same reguleringshøgde 69,5-72 moh. og med eit samla magasinvolum på 125 mill. m3.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg