Fjone er ei grend i Nissedal kommune i Telemark, på vestsida av Nisser. Ved Fjone snevrar Nisser inn til eit smalt sund. Det går ei kabelferje for bilar over sundet. På Fjonemoen er det eit gravfelt frå jernalderen. Gravfeltet har ni gravhaugar av etter måten lik storleik, med ein diameter på 15–20 meter, medan høgda varierer meir. I Fjone ligg eit kraftverk med maksimal effekt 50 MW.
Fjone

MF «Nissen» på veg frå Fjone mot Sundsodden.
Namnet
Namnet er kanskje identisk med Fyn, i norrønt Fjón, som har same rot som føyse, 'bruse over, drive på', kan bety stad med vanskelege vindforhold.
Lokalt finst det ein annan teori for opphavet til namnet til grenda, basert på det forholdet at Sandnesodden og Sundsodden, høvesvis sør og nord for Fjone, stenger for vinden og gjer at vatnet rundt Fjone er rolegare enn vatnet lenger ute i fjorden. Ordet lone blir brukt lokalt for roleg eller stille. Kanskje omtalte ein tidlegare derfor området for Fjordlone, som etter kvart har vorte forkorta.
Kart

Fjone
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.