Faktaboks

Innbyggjartal
1973 (2024)
Landareal
364 km²
Siglufjörður

Kommunesenteret Siglufjörður er Islands nordlegaste by.

Fjallabyggð er ein kommune nord på Island. Fjallabyggð blei danna i 2006 ved ei samanslåing av Ólafsfjörður og Siglufjörður. Same året blei ein ny vegtunnel opna mellom dei to stadene.

Ettersom Fjallabyggð er den nordlegaste busetjinga på Island, er det ein ideell stad å observere og fotografere nordlys. Fiske i Ólafsfjörður er ein annan populær attraksjon saman med fuglekikking. Kommunen har eit sildemuseum til minne om sildefiskets gullalder, med mellom anna Róaldsbrakki, ein norsk sildefabrikk frå 1907.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg