Faktaboks

Administrasjonssenter
Etnesjøen
Fylke
Vestland (frå 1.1.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggjartal
4 072 (2024)
Landareal
691 km²
Høgaste fjell
Folgefonna (1638 moh.)
Innbyggjarnamn
etnesbu, etnebu
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4611 (frå 1.1.2020, tidlegare 1211)

Kommunevåpen

Kart: Etne kommune i Vestland
Etne kommune i Vestland fylke.
Kart: Etne kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Etne

Etne. Langfossen ved Åkrafjorden er blant dei lengste, samanhengjande fossane i landet. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Etne er ein kommune i Sunnhordland i Vestland fylke, på sørsida av Skånevikfjorden og Åkrafjordens ytre del. Kommunen omfattar begge sidene av Åkrafjordens inste del og dalen innanfor fjordbotnen med fjellområda omkring. Kommunen når i nordaust opp på Folgefonnas platå.

Etne blei oppretta som kommune ved innføringa av det kommunale sjølvstyret i 1837. Dei noverande grensene sine fekk Etne i 1965 då størstedelen av tidlegare Skånevik kommune (alt unntatt Åkra sokn i nordvest) blei lagt til Etne. Etne grensar etter dette til Kvinnherad i nordvest, Ullensvang nordaust og Rogaland fylke i søraust, sør og sørvest, til høvesvis Sauda, Suldal og Vindafjord.

Natur

Berggrunnen i størstedelen av kommunen er grunnfjell som i atskilleg grad er påverka av den kaledonske fjellkjedefaldinga (sjå den kaledonske orogenesen). Den vanlegaste bergartane i grunnfjellsområdet er granitt, gabbro og kvartsdioritt. På halvøya mellom Etnefjorden og Skånevikfjorden, i området søraust for tettstaden og kommunesenteret Etnesjøen og i ei stripe langs grensa i søraust, er grunnfjellet dekt av omdanna kambrosiluriske skifrar (fyllitt og glimmerskifer). Vidare finst det på sørsida av Etnefjorden djupbergartar som er skove over fyllitten i kaledonsk tid. Slike skyvedekke finst også stadvis på grensa mot Rogaland i søraust.

Åkrafjorden ligg djupt nedskoren og har bratte sider. Den største målte djupna er 650 meter. Det er store sand- og grusterrassar inst i Etnefjorden og langs Etnevassdraget innanfor.

Det høgaste punktet i kommunen er på Folgefonna på grensa til Ullensvang og Kvinnherad (1628 meter over havet). I søraust, like sør for brekanten, når Skorfestenuten 1482 meter over havet. Fjella på sørsida av Åkrafjorden blir gradvis lågare vestover; dei når 1435 meter over havet på Helgedalsnuten på grensa til Sauda i aust mot 755 meter over havet på Hauganuten på grensa til Vindafjord lengst i sørvest. Etnefjella har eit godt utbygd fotrutenett og byr på mange fine turmoglegheiter, eksempelvis langs den gamle ferdselsvegen til Røldal.

Busetjing

Folketal

1951 2452
1952 2452
1953 2446
1954 2430
1955 2443
1956 2493
1957 2498
1958 2501
1959 2495
1960 2512
1961 2515
1962 2494
1963 2488
1964 2479
1965 3942
1966 3922
1967 3946
1968 3926
1969 3876
1970 3930
1971 3903
1972 3939
1973 3899
1974 3878
1975 3862
1976 3828
1977 3866
1978 3888
1979 3960
1980 3980
1981 4012
1982 4042
1983 4040
1984 4056
1985 4052
1986 4086
1987 4070
1988 4119
1989 4059
1990 4037
1991 4011
1992 3990
1993 3932
1994 3914
1995 3941
1996 3986
1997 3959
1998 3938
1999 3948
2000 3917
2001 3945
2002 3966
2003 3960
2004 3916
2005 3904
2006 3872
2007 3858
2008 3852
2009 3854
2010 3882
2011 3909
2012 3963
2013 4040
2014 4057
2015 4103
2016 4106
2017 4135
2018 4083
2019 4077
2020 4062
2021 4053
2022 4043
2023 4073
2024 4072
Kilde: Statistisk sentralbyrå

Kommunen har mange fornminne som vitnar om tidleg busetjing. Dagens busetjing er tettast langs Skånevikfjorden og rundt Etnefjorden. Her bur omlag 4/5 av befolkninga i kommunen.

Etne har sidan slutten av andre verdskrigen hatt eit relativt stabilt folketal. Dei siste åra har folketalet vist ein svak vekst; i tiårsperioden 2014–2024 var den så vidt positiv i Etne (0,04 prosent årleg) mot ein vekst på gjennomsnittleg 0,6 prosent årleg i Vestland fylke (etter dei noverande grensene).

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det to tettstader i Etne. Tettstadene er til saman 2,3 km², og omfattar 0 % av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Etne 1 325 33 % 1,4 km²
Skånevik 543 13 % 0,9 km²
Sum 1 868 46 % 2,3 km²

* Andelen av innbyggjarane i Etne kommune som bur i tettstaden.

Kart over Etne kommune
Kart over Etne kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Jordbruk er ei viktig næring i Etne, og primærnæringane har i alt ti prosent av arbeidsplassane i kommunen (2023). Etne er blant dei største jordbrukskommunane i fylket. Det blir først og fremst drive eit (2022) allsidig husdyrbruk dominert av mjølkeproduksjon og sauehald. Det blir også halde noko geit og gris, og Etne har til dømes det største talet på avlssvin i fylket.

Av arbeidsplassane i Etne er 11 prosent i industrien, 29 prosent om ein inkluderer byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon (2023). Dei viktigaste industribransjane er verkstadindustri, særleg maskin- og metallvareindustri, likeeins næringsmiddelindustri. Også dei tre bransjane bergverk (sand- og grusproduksjon), gummi-, plast- og mineralsk produksjon (betongproduksjon med meir) og trelast- og trevareindustri er viktige for sysselsetjinga i industrien i kommunen. Det blir elles drive ein del entreprenørverksemd i kommunen.

Den tradisjonsrike brislingproduksjonen i Skånevik (Chr. Bjelland AS) stansa så seint som i 2001 som ein av dei siste som dreiv slik verksemd i Noreg.

Det blir drive ein del turistverksemd ved Åkrafjorden, mellom anna fjordcruise og traktorsafari til gardane på den veglause nordsida av Åkrafjorden, i regi av Åkrafjorden Oppleving. Fugl Fønix Hotel i Etnesjøen og Skånevik Fjordhotel i Skånevik er dei to hotella i kommunen.

Etne har middels stor vasskraftproduksjon. Dei 14 vasskraftverka i kommunen produserer til saman 269 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Hardeland H (i drift fra 1950), som står for om lag ein tredjedel av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Litledalen (1920) og Hardeland K (1958). Sunnhordland Kraftlag er hovudeigar av om lag tre fjerdedeler av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Håfoss Kraftverk med om lag ein tiandedel.

Det meste av kraftproduksjonen skjer i Litledalselva, ei sideelv til Etneelva. Resten av Etnevassdraget er verna mot kraftutbygging.

Etneelva har tradisjonelt vore ei god lakseelv, men fangstane har variert ein del dei seinare åra. I 2023 blei det teke i alt 1024 kg laks og 202 kg sjøaure/sjørøye i Etneelva. Dessutan blei det same året teke 166 kg laks og 65 kg sjøaure/sjørøye i Fjæraelva.

Den imponerande Langfossen på sørsida av Åkrafjorden er blant dei høgaste fossane i Noreg og har ei total fallhøgd på rundt 600 meter målt frå toppen av fossen som ligg like nedanfor vatnet Tjørna (612 meter over havet) og ned til fjorden.

Av dei busette arbeidstakarane i Etne i 2023 hadde 37 prosent arbeid utanfor kommunen, 26 prosent i Rogalands del av Haugalandet (Haugesund, Tysvær, Karmøy og Vindafjord), to prosent i både Stavangerområdet (Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg), i andre kommunar i Sunnhordland (Sveio, Stord, Fitjar, Tysnes og Kvinnherad) og i Bergen.

I Etne kjem lokalavisa Grannar ut to gonger i veka.

Samferdsel

E134 (Haugesund lufthavn Karmøy–Haugesund–Haukeligrend–Drammen–Vassum i Frogn) går gjennom Etne kommune og kommunesenteret. Austover går vegen langs Stordalsvatnet og langs sørsida av Åkrafjorden. Frå E134 fører fylkesveg 5014 nordover til Skånevik og via bilferje vidare til høvesvis Utåker og Matre i Kvinnherad.

Det er hurtigbåtsamband frå Skånevik og frå Ølen i nabokommunen Vindafjord til bygdene i Sunnhordland, Austevoll og Bergen. Fjernbussruta Haugesund–Oslo (Haukeliekspressen) går gjennom Etne. Det er lokalbussrute frå Etne til Haugesund.

Offentlege institusjonar

Etne høyrer til Sør-Vest politidistrikt, Haugaland og Sunnhordland tingrett og Gulating lagsmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Samarbeidsrådet for Sunnhordland saman med Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.

Etne kommune svarar til dei to sokna Etne og Skånevik i Sunnhordland prosti i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Etne til Søndhordland fogderi (futedøme) i Søndre Bergenhus amt.

Historikk og kultur

Det er store helleristningsfelt frå bronsealderen på Helgaberg på Støle (Stødle), likeins på Duesteinen og Bruteigsteinen i Stordalen. Gravfelt frå bronsealderen, eldre jernalder og vikingtida er funne på Stødle, Grindheim og Sørheim. Det er funne restar etter bygdeborger frå folkevandringstida, mellom anna på Borgåsen ved Etnesjøen og Heia på Steine. Gardane Stødle og Gjerde har truleg vore høvdingsete i vikingtida. Storgarden Stødle var i Erling Skakke si eige (sjå Stødle-ætta), og garden Gjerde var antakeleg kongsgard eller krongods.

Det er fem kyrkjer og to kapell i Etne, blant dei Stødle kyrkje i tre og stein (romansk stil), som blei påbyrja av Erling Skakke i 1160, påbygd i 1650 og 1879 og restaurert i 1958. I 2013 blei nye Etne kyrkje vigsla. Ho er bygd saman med det gamle bedehuset. I Skånevik finst det særprega busetnad med eldre og godt vareteken byggjeskikk. Her ligg Norsk Motormuseum med hovudvekt på småbåtmotorar. Den gamle postvegen mellom Etne og Skånevik er laga til som tursti. Sæbøtunet bygdemuseum i ligg i Etnesjøen.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1983) har ei deling av blått og sølv med duestjertsnitt. Våpenet symboliserer samhald, noko som viser til det gode samhaldet mellom dei to tidlegare kommunane Etne og Skånevik.

Namnet kjem av norrønt Etnir, tidlegare truleg brukt om den fjordarmen som no heiter Etnepollen. Det er avleidd av eit eldre elvenamn Atn eller Etn, brukt om Etneelva. Dette har anten samanheng med etje, ‘drive fram', eller ete, ‘den som et eller grev'.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Dyrvik, Ståle, red.: Etne-soga, 1968-, 5 b.
  • Etne prestegjeld, 1963 (Førhistoriske minne i Sunnhordland, 3)
  • Haugland, Anders: Skåneviksoga, 1981-98, 6 b.

Kommentarar (2)

skreiv Sverre Olav Lundal

Etneelva har tradisjonelt vore ei god lakseelv, men på grunn av den kritiske situasjonen for laksen i elva, blei det vedteke fiskestopp i 2010 og 2011. Elva er stengd for fiske også i 2014.

svarte Geir Thorsnæs

Etneelva hadde i 2016 størst oppfisket kvantum av laks blant elvene i Hordaland (3837 kg fisk i alt hvorav 3499 kg laks). Siden det ikke er nærmere presisert hva "den kritiske situasjonen for laksen i elva" i 2010, 2011 og 2014 besto i, har jeg derfor foreløpig valgt ikke ta noe om fiskestoppen disse årene med i artikkelen.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg