På partsmøtet i Kyoto i Japan i 1997 blei landa samde om dei første konkrete måla for å redusere klimagassutsleppa, den såkalla Kyotoavtalen. Berre anneks I-land vart pålagde utsleppsmål i Kyotoavtalen, som skulle gjelde i perioden 2008–2012. USA er eit anneks I-land under klimakonvensjonen, men står utanfor Kyotoavtalen, fordi Senatet nekta å ratifisere han. USA har difor ikkje vedteke noko utsleppsmål.
Då Kyotoavtalen blei sett i kraft i 2005, sette dei landa som er part både i klimakonvensjonen og i Kyotoavtalen, i gang forhandlingar for å bestemme kva som skulle skje etter at den første perioden med utsleppsmål gjekk ut i 2012. Samstundes gjekk det føre seg parallelle forhandlingar direkte under klimakonvensjonen, om korleis ein kunne sikre at målet om å unngå farlege klimaendringar kunne nåast. For å nå dette målet var ikkje Kyotoavtalen tilstrekkeleg. På partsmøtet på Bali i 2007 blei det lagt ein tidsplan for å bli samde om ein ny internasjonal klimaavtale som skulle overta etter Kyotoavtalen, og som skulle gjelde for alle land, både industrialiserte land og utviklingsland. Avtalen skulle vere ferdigforhandla og skulle vedtakast på COP 15 i København i 2009.
Landa greidde likevel ikkje å bli samde om nokon ny avtale i København, og dei internasjonale klimaforhandlingane gjekk inn i ein fase der lite blei oppnådd.
På COP 17 i Durban i desember 2011 blei partane samde om ein ny framdriftsplan for forhandlingar, som skulle gi ein ny og meir ambisiøs klimaavtale. Denne gongen skulle avtalen vere klar i 2015, og partsmøtet i Paris i desember 2015, COP 21, var såleis siste frist for å bli samde om ein slik ny avtale. Durban-møtet avgjorde òg at Kyoto-avtalen i mellomtida skulle vidareførast med ein ny periode frå 2013 til 2020. På COP 18 i Doha i Qatar i 2012 blei utsleppsmåla for den nye Kyoto-perioden vedtekne. Canada trekte seg no frå Kyotoavtalen, medan Japan, New Zealand og Russland kunngjorde at dei ikkje ville ta på seg utsleppsmål for den nye perioden.
Den nye klimaavtalen, kalla Parisavtalen, blei vedteken som planlagt på COP 21 og gjeld frå 2020. Denne gongen slutta alle partslanda seg til avtalen. I tillegg til forsterkinga av togradarsmålet er det viktigaste ved avtalen at alle land skal gjennomføre så store utsleppskutt som dei meiner dei er i stand til, og utsleppskutta skal skjerpast kvart femte år.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.