Faktaboks

Eyjafjallajökull
Uttale
ˈeijafjadlajøkudl
Eyjafjallajökull
Eyjafjallajökull 17. april 2010.
Eyjafjallajökull

Eyjafjallajökull med Islands sørkyst og Vestmannaeyjar i bakgrunnen. Til venstre ser ein ein del av Mýrdalsjökull.

Eyjafjallajökull
Av .
Lisens: fri

Eyjafjallajökull er ein isbre på sørkysten av Island. Breen er 78 kvadratkilometer stor og dekker alle dei høgareliggande delane av Eyjafjall. Det høgaste punktet er nunataken Guðnasteinn, 1666 meter over havet. Mot nord strekker to bratte dalbrear – Gígjökull og Steinsholtjökull – seg ned i låglandet ved nasjonalparken Þórsmörk. Under breen ligg ei to kilometer lang og 60 meter brei kraterrivne.

Eyjafjall er ein stratovulkan som har hatt tre store utbrot i historisk tid: i 1612, i 1821–1823 og i 2010. Overflauming, jøkulhlaup, oskeregn og kraftige jordskjelv følgde utbrota.

Vulkanutbrotet i 2010

Frå 1. januar 2010 blei det registrert auka jordskjelvaktivitet i Eyjafjallajökull-området. I perioden fram til 20. mars blei det registrert heving av grunnen med opptil éin centimeter om dagen. Utbrotet byrja på utsida av kalderaen ved det isfrie passet Fimmvörðuháls i området mellom Eyjafjallajökull og vulkanen Katla, som er dekt av isbreen Mýrdalsjökull. Denne delen av utbrotet var dominert av lava med lite vulkansk oske. Lavaen følgde i hovudsak elvedalane i området.

14. april flytte aktiviteten seg til kraterområdet, og resulterte i eit eksplosivt utbrot med store mengder vulkansk oske som steig mange kilometer til vêrs og ein mindre flaum i smeltevasselva Markarfljót. Lava i kontakt med smeltevatn frå breen var årsak til den eksplosive aktiviteten.

På grunn av en vedvarande vestleg vindretning dreiv oske frå utbrotet inn over Nord-Europa. Oska blei vurdert som ein fare for flytryggleiken, og luftrommet over store deler av Nord- og Mellom-Europa vart stengt. Dei reisande stod «oskefast». Utbrotet enda i mai–juni 2010.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg