Etneelva er ei elv i Etne kommune i Sunnhordland, Vestland fylke. Etneelva blir danna av Stordalselva (Nordelva) og Litledalselva (Sørelva) som renn saman i Samkomehølen (10 meter over havet) og dannar Etneelva. Herfra renn elva roleg ned til munningen i Etnepollen inst i Etnefjorden,
Etneelva er ei god lakseelv, og Etnevassdraget har vore nasjonalt laksevassdrag sidan 2003. Fangstane i vassdraget varierer mykje, og i 2023 blei det teke i alt 828 kg laks og 196 kg sjøaure/sjørøye. Vassdraget er viktig for betre å forstå dei faktorane som styrer oppvandringa av laks og sjøørret, innslaget av rømt oppdrettslaks, framande arter (pukkellaks) og den verknaden lakselus fra oppdrettsanlegg har på vassdraget. Den 40 meter breie flyteristfella i nedre del av vassdraget som Havforskningsintitutetet (HI) driv, gir forskarane nokre av dei mest detaljerte datasetta om miljøforhold og utviklingstrekk for bestandar av anadrom laksefisk i Europa.
Litledalselva er utbygd med tre kraftstasjonar som har ein samla maskininstallasjon på 53 MW og en gjennomsnittleg årsproduksjon på 203 GWh (2023). Sistnemnde utgjer 76 prosent den samla årsproduksjonen i kommunen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.