Erik Pontoppidan var ein dansk pietistisk teolog og forfattar. Han gav ut ei rekkje teologiske og kyrkjelege skrift og store verk om språk, historie, topografi og økonomi. Katekismeforklaringa hans (ofte omtalt som Pontoppidans forklaring), som blei innført som lærebok i konfirmantundervisninga og annan kyrkjeleg katekisasjon, fekk stor betydning, spesielt i Noreg.
Pontoppidan blei cand.theol. i 1718, var slottsprest frå 1723, på Frederiksborg frå 1734 og professor frå 1738.
Ved innføringa av konfirmasjonen i 1736 fekk Pontoppidan i oppdrag å utarbeida katekismeforklaring og salmebok. Sandhed til Gudfrygtighed frå 1737 blei den mest brukte læreboka i den norske folkeskulen i nesten 150 år (omarbeidd av Ulrik Sverdrup i 1864 og av Jakob L.B. Sverdrup i 1897). Den nye Psalmebog frå 1740 blei nesten berre innført i slottskyrkjelydane.
Som biskop i Bergen frå 1747 til 1754 tok Pontoppidan seg særleg av skulane og gav ut ei norsk ordsamling, Glossarium Norvegicum (1749) og Forsøg paa Norges naturlige Historie (1752–1753).
Frå 1755 var han prokanslar ved Københavns universitet, gav ut Collegium pastorale practicum (1757), ei handbok i pastoralteologi og preikelære, og Den danske Atlas (2 bind, 1763–1764), eit grunnleggjande geografisk verk som blei vidareført av andre. Blant skrifta hans kan ein elles nemna innskriftsamlinga Marmora Danica (2 bind, 1739–1741) og den første danske kyrkjehistoria med kjeldemerknader, Annales ecclesiæ danicæ (4 bind, 1741–1752). Romanen Menoza (3 bind, 1742–43) handlar om «ein asiatisk prins, som drog Verden omkring og søgte Kristne, men fandt lidet af det, han søgte». Pontoppidan var også interessert i faget økonomi og i åra 1757–1764 gav han (anonymt) ut tidsskriftet Danmarks og Norges oeconomiske Magazin.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.