Ekornes er den største møbelprodusenten i Noreg. Firmaet produserer først og fremst stoppa møblar og madrassar. Den største suksessen deira er sitjekonseptet Stressless, som blir omsett over heile verda. Konsernet eig merkevarene Ekornes, Stressless, Svane og IMG.
Firmaet vart etablert på Ikornnes i Sykkylven i 1934, og har framleis ein av Noregs største møbelfabrikkar der. Ekornes har òg fleire fabrikkar i Noreg og i utlandet. Med unntak av svenske IKEA er Ekornes den største møbelprodusenten i Norden med produksjon av madrassar, stolar, sofamøblar og skumplast.
I 2017 var det svenske investorselskapet Nordstjernan AB største eigar i selskapet, med 17,2 prosent av aksjane, medan det norske Folketrygdfondet sin eigardel var på 10,5 prosent. I 2018 vart Ekornes selt til det kinesiske selskapet Qumei Home Furnishing og teke av børs. I 2022 hadde Ekornes rundt 3200 tilsette og ein omsetnad på over tre milliardar kroner.
Stressless blir selt i over 40 land gjennom salsselskap i Noreg, Finland, Storbritannia, USA, Tyskland, Frankrike, Asia (Bangkok, som dekkjer fleire land), Kina, Japan og Australia.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.