Eivind Hofstad Evjemo er ein norsk forfattar. Han er kjent for romanene Vekk meg hvis jeg sovner, som gav han Tarjei Vesaas debutantpris, og Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet.
Eivind Hofstad Evjemo
Faktaboks
Eivind Hofstad Evjemo
- Fødd
- 3. juni 1983, Levanger

Eivind Hofstad Evjemo mottok Tarjei Vesaas debutantpris for Vekk meg hvis jeg sovner. Foto: Laila Evjemo. Gjengitt med tillatelse fra Cappelen Damm.
.
Lisens:
Avgrensa gjenbruk
Biografi
Eivind Hofstad Evjemo er fødd og vaks opp i Levanger, og studerte allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo og «litterär gestaltning» ved Göteborgs Universitet. Våren 2009 var han ein av debutantane i Cappelen Damms antologi Signaler. Seinare same år kom debutromanen Vekk meg hvis jeg sovner, som fekk Tarjei Vesaas Debutantpris for 2009.
Dei siste åra har Evjemo vore med på å arrangere Litteraturfest Levanger. Evjemo bur og arbeider i Oslo og Berlin.
Utmerkingar
- Tarjei Vesaas Debutantpris (2009) delt med Kjersti Annesdatter Skomsvold
- Ungdommens Kritikerpris (2013)
- Bjørnsonstipendet 2013
Bibliografi
- Signaler 2009 (Bidrag til antologi, Cappelen Damm, 2009)
- Vekk meg hvis jeg sovner (Roman, Cappelen Damm, 2009
- Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet (Cappelen Damm, Aschehoug, 2013)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.