Eidsborg er ei bygd i Tokke kommune i Telemark. Eidsborg er ei skog- og fjellbygd nord for den vestlege delen av innsjøen Bandak, rett nordøst for Dalen. Det meste av busetnaden ligg i eit vakkert skålforma landskap omkransa av skogkledde nutar, med Eidsborg stavkyrkje øvst i bygda.
Eidsborg har mange gamle brynesteinsbrot og ein del trevareindustri. Vest-Telemark Museum Eidsborg har eit nytt og moderne museumsbygg, og tun med over 30 gamle hus, herunder Noregs eldste verdslege trebygning frå 1167.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.