Dyrhólaey er Islands sørlegaste landfaste punkt, ei klippe på sandstranda nær Vík i Mýrdal. Klippa blei skapt av eit vulkanutbrot under vatn under siste istid. Ho er 120 meter høg og to stader er ho gjennombroten av bølgeslag. Dyrhólaey blei freda i 1978 og har eit rikt fugleliv, mellom anna hekkar mange lundefuglar her.
I 1910 blei det bygd ein fyrstasjon på Dyrhólaey, mens dagens fyrtårn er frå 1927 og er 13 meter høgt.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.