Drángey er ei lita klippeøy på nordkysten av Island, i Skagafjörður. Det bur ikkje folk på øya. Ho er restane av ein 700 000 år gammal vulkan, er opp til to hundre meter høg, nesten flat og består av vulkansk tuff.
Drángey har eit rikt fugleliv, med mellom anna alke, lomvi og lundefugl.
Drángey er kjent som opphaoldsstaden til den fredlause Gretti i den første delen av 1000-talet. Historia blei nedskrive som Grettis saga på 1300-talet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.