Dore Lavik var ein norsk skodespelar, journalist og teatersjef. Han vann seg ry som opplesar på landsmål, grunnla sitt eige teater i Kristiania og eit omreisande teater som han turnerte med i Noreg og nabolanda.
Dore Lavik var fødd i Eksingedalen i Vaksdal i Vestland. Han drog til Kristiania, der han tok mellomskuleeksamen i 1883 og examen artium i 1885. Dei neste åra las han filologi og livnærte seg som huslærar. Han byrja som opplesar, mest av landsmåldiktarar som Arne Garborg og Aasmund Olavsson Vinje. Tanken på å verte skodespelar festa seg, og han lukkast i å få undervisning hos ein kjend instruktør.
Sjølv med gode skotsmål var det smått om oppdrag, og i 1892 reiste Lavik til Amerika for å prøve seg der. Han fekk roller ved det skandinaviske teatret i Chicago, utan at det førte til noko gjennombrot i karrieren, og i 1894 vende han tilbake til Noreg.
Etter eit år som journalist vart Lavik tilsett ved Den Nationale Scene i Bergen i 1895, der han debuterte som Eilert Løvborg i Hedda Gabler. I 1899 flytta han og kona, skodespelaren Ludovica Levy, til Kristiania, der dei starta Secondteatret og dreiv teaterskule. Etter to sesongar var teatret konkurs. Lavik gjekk straks i gang med eit nytt prosjekt, eit omreisande teater, og gjesta både Sverige og Danmark.
I 1906–1907 turnerte Dore Laviks Det Norske Skuespillerselskab i Noreg og Danmark. Kritikkane var jamt rosande, særleg i danske aviser, og denne turneen var høgdepunktet i Lavik sin karriere.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.