Minnetog for Den blodige søndagen

Frå 1969 til 1998 var Nord-Irland prega av valdeleg konflikt mellom paramilitære grupper på republikansk og lojalistisk side og statsmaktene ved politistyrkane og den britiske hæren. I Derry marsjerer folk kvart år til minne om dei 14 demonstrantane som vart skotne og drepne av britiske soldatar i 1972, i det som er kjent som Den blodige søndagen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.
Den blodige søndagen
Ein væpna britisk soldat tek tak i ein demonstrant under masseskytinga 30. januar 1972, seinare kjent som den blodige søndagen. 14 menneske blei drepne.
Av /NTB Scanpix.

Den blodige søndagen var ei masseskyting som gjekk føre seg i Derry (Londonderry) i Nord-Irland søndag 30. januar 1972. Britiske soldatar opna eld mot ein borgarrettsmarsj og skaut mot 26 sivile som ikkje var væpna. 14 menneske (13 omgåande og 1 seinare) vart drepne og 16 såra. Demonstrantane vart skotne på av britiske skarpskyttarar som låg på hustaka rundt i Bogside-området i Derry. Mange vart skotne medan dei flykta eller prøvde å hjelpa andre.

Faktaboks

Også kjend som

Bogside-massakeren

engelsk Bloody Sunday

irsk Domhnach na Fola

Protestmarsjen var organisert av den nordirske borgarrettsrørsla (Northern Ireland Civil Rights Association – NICRA). Det var ein fredeleg protestmarsj, og alle som var skotne mot, var katolikkar og nasjonalistar.

Borgarrettsdemonstrantane protesterte mot at den britiske hæren gjennomførde internering (internment), som også var ynskt av den unionistiske Stormont-regjeringa i Nord-Irland i august 1971. Føremålet var å arrestera og fengsla mistenkte utan lov og dom i den krigsliknande tilstanden Nord-Irland hadde kome inn i i åra etter 1968 då den om lag tretti år lange perioden «The troubles» braut ut. Fengslinga utan lov og dom kom på grunn av mistanke om samarbeid med eller deltaking i Den irske republikanske hæren (IRA). IRA kjempa mot den britiske staten for ei gjenforeining mellom republikken Irland og britiske Nord-Irland.

Følgjer

Den blodige søndagen
Den blodige søndagen førte til kraftig uro. Bygningar i brann i Bogside-distriktet i Derry 1. februar 1972, to dagar etter masseskytinga.
Av /NTB Scanpix.

Den blodige søndagen er rekna som ei av dei verste hendingane i Nord-Irland under The Troubles mellom 1968 og 1998, og auka motstanden mot britisk nærvær i provinsen og rekrutteringa til IRA. Berre dagar etter den blodige søndagen sette rasande demonstrantar den britiske ambassaden i Dublin i brann. Den blodige søndagen førte også til at det nordirske sjølvstyret på Stormont vart avskaffa, og den britiske regjeringa vedtok å styra provinsen direkte frå London kort tid etter.

Saman med masseskytinga fallskjermjegerane gjennomførte i Ballymurphy (1971) og masseinterneringa frå 1971, øydela Den blodige søndagen og forsøka på å kvitvaske masseskytinga forholdet mellom dei britiske soldatane og nasjonalistane i Nord-Irland så mykje at den britiske hæren aldri greidde å retta dette opp.

Granskingar

To undersøkingar har vore gjennomførte av britiske regjeringar etter Den blodige søndagen.

The Widgery Tribunal 1972

Den første granskinga – The Widgery Tribunal – kom rett i etterkant av hendinga, og frifann dei britiske soldatane for skuld i ein rapport som vart offentleg alt 18. april 1972. Det leidde til sterke protestar, spesielt blant nasjonalistane. Widgery fann for lite prov til å sikta meir enn ein soldat. Han er omtala som Soldat F, og vart ikkje dømd. Rapporten Widgery-tribunalet utarbeidde var ein kvitvask av fallskjermjeger-styrkane som langt på veg la skulda på demonstrantane. Notat frå møte statsminister Edward Heath deltok i rett etter masseskytinga kan tyda på at det overordna målet med denne granskinga ikkje var å avdekkja sanninga, men heller å dekkja over ho for å verna om omdømet til fallskjermjegerane og styresmaktene.

Seinare i 1972 vart oberstløytnant Derek Wilford, som var øvstkommanderande for fyrste bataljon i fallskjermjegerregimentet på Den blodige søndagen, tildelt heidersutmerkinga offiser i den Britiske Imperieordenen (OBE). Ein av hans overordna i Nord-Irland, brigader Frank Kitson, hadde lang røynsle i å slå ned antikoloniale opprør, til dømes Mau Mau-opprøret i Kenya (1952–1960) og i Britisk Malaya (1948–1960). Han vart den fremste britiske militærstrategen for såkalla lågintensitetsoperasjonar og for infiltrasjon og organisering av såkalte «countergangs» for å skapa indre konflikt mellom grupper i britiskkontrollerte område. Etter den blodige søndagen vart han kommandør i den Britiske Imperieordenen (OBE), og vart seinare øvstkommanderande for dei britiske landstyrkane. Dei øvste militære ansvarlege i Nord-Irland for «operasjonen» på den blodige sundagen i Derry var påverka av militær tenking som stamma frå blodige kolonikrigar i andre verdsdelar.

Savillegranskinga 1998–2010

Den andre undersøkinga – The Saville Inquiry – pågjekk mellom 1998 og 2010. Denne undersøkinga konkluderte i 2010 med det motsette – at skytinga både var «uforsvarleg» og «urettmessig». Undersøkinga la all skuld på dei britiske soldatane og fekk dåverande statsminister i Storbritannia, David Cameron, til å gje ei orsaking utan atterhald (forbehold) på vegner av den britiske staten. Framleis er ingen dømde for masseskytinga i 1972, og for kvart år som går, vert det mindre sannsynleg at nokon ansvarlege må stå til ansvar for å ha skote i hel uvæpna borgarrettsdemonstrantar.

Det irske rockebandet U2 skreiv «Sunday Bloody Sunday» til minne om hendinga og dei omkomne. Denne vart gjeve ut i 1983.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Elkins, Caroline (2022); Legacy of Violence. A History of the British Empire. London, Penguin Random House.
  • Hernon, Ian (2021); Bloody Sunday. A fifty-year fight for justice. Stroud – UK, Amberley Publishing.
  • Norwegian Center for Human Rights (2024); Bitter Legacy. State Impunity in the Northern Ireland Conflict. Report of the International Expert Panel. Oslo, Universitetet i Oslo/Norwegian Center for Human Rights.
  • O'Dochartaigh, Niall (2010); Bloody Sunday: Error or Design? I Contemporary British History Vol. 24 nr. 1.
  • O'Leary, Brendan (2020); A treatise on Northern Ireland. Volume 2. Control. The Second Protestant Ascendancy and the Irish State. Oxford, Oxford University Press.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg