Faktaboks

Også kjend som

DUP

Uttale

deməkrætik ju:njənist pa:ti

Ulster Resistance
Symbolet til Ulster Resistance, skipa av DUP-politikarane Ian Paisley, Peter Robinson og Ivan Foster i november 1986 som reiskap i kampen mot den anglo-irske avtala.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Democratic Unionist Party (DUP) er eit unionistisk parti i Nord-Irland. Lojalitet til unionen med Storbritannia og den britiske krona er ein sentralverdi for partiet. DUP er sosial-, kultur- og kristenkonservativt. Partiet er sterkt antirepublikansk, det vil seia at dei er tydelege motstandarar av irsk nasjonalisme og gjenforeining med republikken Irland.

DUP vart skipa i 1971 av den fundamentalistiske protestantiske kyrkjeleiaren Ian Paisley og den tidlegare folkevalde for Ulster Unionist Party, Desmond Boal. Partiet stod for den sterkaste motstanden mot maktdeling med nasjonalistane i Nord-Irland frå starten. I periodar har partiet vore aktive i grenselandet til paramilitær aktivitet.

Partiet overtok rolla som største unionistparti og største parti i Nord-Irland tidleg på 2000-talet, men tapte posisjonen som største parti i Nord-Irland til Sinn Féin ved valet til Northern Ireland Assembly i 2022.

Bakgrunn og partidanning

Democratic Unionist Party førehistorie og viktige hendingar

1956

Ulster Protestant Action (UPA) vart skipa

1966

Protestant Unionist Party (PUP) vart skipa

1971

Democratic Unionist Party vart skipa

1973-1974

Democratic Unionist Party samarbeider med andre unionistar i kampen mot Sunningdaleavtala

1985-1987

Democratic Unionist Party og andre unionistar protesterer mot den anglo-irske avtala.

1998

Langfredagsavtala. DUP er ikkje med blant avtalepartane

2003 og 2005

DUP vert største parti i Nord-Irland

2007

Ian Paisley vert fyrsteminister med Martin McGuinness (Sinn Féin) som visefyrsteminister/ Traditional Unionist Voice vert skipa ved utbrot frå DUP.

2008

Ian Paisley går av som partileiar

2022

DUP møter tilbakegang og vert forbigått av Sinn Féin som største parti

Dei historiske røtene til Democratic Unionist Party kan sporast attende til skipinga av Ulster Protestant Action (UPA) i 1956. Denne utbrytarorganisasjonen frå Ulster Unionist Party (UUP) agiterte mot den svært varsame tilnærminga den nordirske statsminister Terence O´Neill (UUP) slo inn på under statsministerperioden sin (1963–1969). Dette var startpunktet for den fragmenteringa av nordirsk unionisme som har pågått heilt til i dag.

Som parti vart Ulster Protestant Action aldri vellukka, og partiet vart til Protestant Unionist Party (PUP) i 1966. Dette partiet vart den mest uforsonlege motstandaren av krava om grunnleggjande borgarrettsreform som Northern Ireland Civil Rights Association (NICRA) fremja frå 1967. Denne greina av unionismen avgrensa handlingsrommet til det «statsberande» partiet UUP. Mykje ettergjevnad for borgarrettskrava kunne leia til sterkare mobilisering både frå dei radikale i borgarrettsrørsla og frå Protestant Unionist Party og dei paramilitære på unionistisk side. På den andre sida kunne blank avvisning og hardhendt reaksjon radikalisera borgarrettsrørsla og revitalisera IRA – Irish Republican Army.

Danninga av Democratic Unionist Party var ei omdanning av Protestant Unionist Party, og båe grunnleggjarane av DUP – Ian Paisley og Desmond Boal – hadde hatt viktige roller i både Ulster Protestant Action og Protestant Unionist Party. Ian Paisley var også grunnleggjar av det protestantisk-fundamentalistiske kyrkjesamfunnet Free Presbyterian Church of Ulster i 1951. Evangelisk kristne, særleg frå dette kyrkjesamfunnet, sette tydeleg preg på DUP frå starten. Paisley var leiar for DUP frå starten i 1971 til 2008.

Oppslutnad i val

DUP utfordra den sterke dominansen til Ulster Unionist Party og vart etter kvart både det største unionistpartiet og det største partiet i Nord-Irland i veljaroppslutnad. Gjennom 1970-åra var partiet langt mindre enn UUP. Til dømes fekk partia 10,8 og 35,8 prosent oppslutnad ved valet til den nordirske forsamlinga i 1973, 8,2 mot 32,3 prosent i valet til underhuset i London i 1974 og 12,8 mot 30 prosent ved lokalvalet i 1977.

Ved vala i 1980-åra fekk DUP vesentleg større oppslutnad, men framleis var UUP klårt større. Ved valet til underhuset i London i 1983 fekk dei to partia 20 og 34 prosent av røystene, og ved lokalvalet i 1985 var oppslutnaden deira 24,3 og 29,5 prosent.

Gjennom vala i 1990-åra kunne DUP framleis liggja langt etter UUP i oppslutnad, slik dei gjorde i lokalvalet i 1997 (16 mot 28,1 prosent) og i valet til underhuset i London det same året (13,6 mot 32,7 prosent). Året etter var langfredagsavtala kjend, og DUP og UUP fekk høvesvis 18,5 og 21,3 prosent ved det fyrste valet til den nye nordirske forsamlinga. Dei store indre spenningane i UUP om fredsprosessen i Nord-Irland gjorde at mange misnøgde veljarar forlet Ulster Unionist Party, og DUP byrja å pusta UUP i nakken.

Ved val til Northern Ireland Assembly («Stormontparlamentet»), val til underhuset i London og lokalval vart partiet størst frå og med vala i 2003 (Northern Ireland Assembly) og 2005 (lokalval og val til underhuset i London). Etter dette har DUP lagt Ulster Unionist Party lengre og lengre bak seg i oppslutnad. Denne trenden held fram heilt til 2022-valet til regionalforsamlinga på Stormont og lokalvala i 2023.

Politisk profil og rolle

DUP er eit sosial-, kultur- og kristenkonservativt unionistparti med mindre appell i den protestantiske mellom- og overklassen, og meir appell i den protestantiske arbeidarklassen enn Ulster Unionist Party. Partiet ser seg sjølve som den fremste forsvararen av britisk identitet og Ulster-protestantisk kultur mot irsk nasjonalisme og den republikanske varianten av irsk nasjonalisme. Lojalitet til unionen og den britiske krona er ein sentralverdi for partiet, og partiet er motstandarar av medlemskap i den Europeiske Unionen og støtta Brexit ved folkerøystinga i 2016.

DUP har vore ein konsekvent bremsekloss mot tiltak som kunne styrkja irsk språk i skule og samfunn, sjølv om Langfredagsavtala (1998) gav føringar for styrka rettar for dei som nytta minoritetsspråka irsk og Ulster Scots. DUP sette seg imot lovgjeving som fremja dette i Northern Ireland Assembly. Parlamentet i London vedtok The Identity and Language (Northern Ireland) Bill i 2022, og overkøyrde slik motstanden frå DUP.

DUP-medlemene

Trass i at mindre enn ein prosent av protestantane i Nord-Irland er knytte til Free Presbyterian Church of Ulster, har over 30 prosent av medlemene i DUP vore fripresbyterianarar heilt opp mot vår tid, medan svært få UUP-medlemer er knytte til denne trusretninga. I tillegg kjem det at nesten 30 prosent har vore medlemer i den langt større Presbyterian Church in Ireland. Snautt ein av fem DUP-medlemer er knytte til Church of Ireland, som er den irske varianten av den statsberande britiske anglikanske kyrkja. Om lag like mange høyrer til andre protestantiske kyrkjer. Dette kristenkonservative tyngdepunktet har gjort at DUP er sterke motstandarar av likekjønna ekteskap og motstandarar av abort i nesten alle høve. Leiande medlemer har òg vore motstandarar av darwinismen og tilhengjarar av kristenkonservativ kreasjonisme.

Den sterke arbeidarklasseoppslutnaden DUP har, gjer at partiet ynskjer å auka lønsnivået for dei lågast løna. I tillegg vil partiet auka løyvingane til forsvaret og ha eit sterkt atomvåpenforsvar innanfor NATO. Klimaaktivistar kritiserer ofte partiet for å ikkje tru på eller bry seg om global oppvarming.

Politisk rolle

Martin McGuinness, Ian Paisley, Alex Salmond
Dei to tidlegare motstandarane Martin McGuinness frå Sinn Féin (til venstre) og Ian Paisley frå DUP (i midten) saman med den skotske politikaren Alex Salmond skriv under på ei avtale mellom Nord-Irland og Skottland i 2008.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Den fyrste freistnaden på å få til ei maktdeling i Nord-Irland etter innføringa av Britisk direktestyre i 1972, kom alt i 1973 med Sunningdaleavtala. Det skulle då veljast ei nordirsk forsamling etter prinsippet om proporsjonal representasjon, og det skulle opprettast eit (all)irsk råd der republikken Irland også skulle vera med. Democratic Unionist Party sette seg sterkt imot dette, saman med delar av Ulster Unionist Party og andre mindre unionistgrupperingar. Ein tverrunionistisk anti-Sunningdale-koallisjon stilte til val til underhuset i London i 1974 og vann 11 av 12 representantar frå Nord-Irland. Sunningdaleavtala kollapsa etter at ein unionistisk generalstreik hadde lamma store delar av Nord-Irland og etter at Unionistiske paramilitære skapte kaos under denne generalstreiken.

Eit nytt forsøk på å tilbakeføra noko makt til Nord-Irland var Northern Ireland Assembly (NIA) (1982–1986). Bak dette initiativet låg det også tankar om anten proporsjonal representasjon av unionistar og nasjonalistar eller fleirtalsstyre med minoritetssikringar. Maktdeling var uaktuelt for DUP (og UUP). Etter at den anglo-irske avtala (1985) vart skrive under, vart Northern Ireland Assembly redusert til ein arena for fellesunionistiske protestar mot denne avtala. Forsøket med eit regionalforsamling vart difor oppgjeve i 1986.

Democratic Unionist Party var ikkje nordirsk avtalepart i Langfredagsavtala (1998), som var den viktigaste hendinga i fredsprosessen i Nord-Irland. Det var derimot fleire andre unionistparti – Ulster Unionist Party (UUP), Progressive Unionist Party (PUP) som hadde band til det paramilitære Ulster Volunteer Force (UVF) og Ulster Democratic Party (UDP), som hadde band til den paramilitære lojalistorganisasjonen Ulster Defence Association (UDA). Frå den nasjonalistiske sida var både Social Democratic and Labour Party (SDLP) og det republikanske partiet Sinn Féin (med band til IRA) avtalepartar. To andre parti som formelt ikkje rekna seg som unionistar eller nasjonalistar, var også avtalepartar – Alliansepartiet og den nordirske kvinnekoallisjonen. Storbritannia og Republikken Irland var òg avtalepartar. Avtala regulerte både institusjonar i Nord-Irland, nord-sør-spørsmål og aust vest-spørsmål, avvæpning av paramilitære grupper, normalisering av tryggingsordningar i Nord-Irland, konstitusjonell status for Nord-Irland og korleis denne kunne endrast. I tillegg skulle båe hovudtradisjonane (nasjonalistane og unionistane) og deira kultur- og identitetsuttrykk reknast som likeverdige.

Langfredagsavtala fekk klår fleirtalstilslutnad i folkerøysting både nord og sør for grensa, men i Nord-Irland dreiv DUP kampanje for å røysta nei. Partiet framheva særleg fire grunnar til dette:

  • Tidleg lauslating av fangar som var dømde for paramilitær verksemd
  • At IRA fekk regjeringsposisjonar trass i at IRA ikkje var avvæpna og framleis var aktive
  • Små sjansar til å halda regjeringsmedlemer til ansvar
  • Svake sjansar til å ettergå arbeidet til organa for nord-sør-saker.

Noko av denne kritikken vart òg delt av delar av Ulster Unionist Party.

DUP kunne likevel ikkje stilla seg utanfor 1998-valet og fekk to ministrar i den nye regjeringa, der Ulster Unionist Party og Social Democratic and Labour Party (SDLP) fekk fyrsteministeren og visefyrsteministeren. DUP protesterte likevel ut frå dei to fyrste kritikkpunkta ovanfor ved å ikkje delta i regjeringsmøte saman med Sinn Féin-ministrar. Frå 2007 – då DUP alt var største parti og IRA hadde avvæpna seg sjølv under internasjonalt oppsyn, vart Ian Paisley fyrsteminister og Martin McGuinness (Sinn Féin) visefyrsteminister i regjeringa eit snautt år føre Paisley trekte seg tilbake. Få hadde venta at dei skulle utvikla godt samarbeid og personleg venskap, slik dei faktisk gjorde.

Antirepublikanske veljarar

Democratic Unionist Party hadde då for fyrste gong opplevd at leiande politikarar braut ut av partiet i protest mot for imøtekomande profil i høve til Sinn Féin. Advokaten Jim Allister starta si politiske karriere i Ulster Unionist Party før han gjekk over til Democratic Unionist Party i 1971. I 2007 braut han ut av DUP og skipa Traditional Unionist Voice (TUV). Partiet er mot langfredagsavtala, tvungen maktdeling med nasjonalistane, deltaking av tidlegare IRA-folk i politikken, Sinn Féin i regjeringa og amnesti for republikanarar. I tillegg ynskjer dei redusert politisk samarbeid med Republikken Irland.

I 2011 vart Jim Allister valt inn som einaste TUV-representant i Northern Ireland Assembly, og han vart gjenvald i 2022. Partiet fekk framleis berre ein representant, men røystetala viser at representasjonen kan verta større ved relativt små veljarvandringar frå DUP til TUV i komande val. DUP kan soleis ha fått ein skarpare konkurrent på den antirepublikanske fløya.

Utfordringar etter 2022-valet

Ved 2022-valet fekk DUP 21,3 prosent av røystene og gjekk 6,8 prosenteiningar attende. Ei langvarig utvikling der avstanden til UUP har auka er no brote, sjølv om Ulster Unionist Party også opplevde ein liten tilbakegang. Likevel er Democratic Unionist Party nesten dobbelt så store som Ulster Unionist Party i veljaroppslutnad.

Etter 2022-valet motsette DUP seg å velja «speaker» for Northern Ireland Assembly og blokkerte for at forsamlinga og ei regjering kunne fungera. Dei peikte på at ein reforhandla Nord-Irland-protokoll etter brexit måtte på plass før dei var viljuge til å få regionsforsamlinga og regjeringa i arbeid att. Det einaste partiet i Northern Ireland Assembly som var nøgde med dette, var Traditional Unionist Voice.

Men dette var ein handlemåte med større og større fallhøgd for DUP di meir tid som gjekk. Det store fleirtalet av veljarar kunne oppdaga at politiske saker der regionalforsamlinga var tildelt politisk fullmakt, som til dømes helse og sosialsaker, skule og utdanningssaker og veg- og kommunikasjonssaker treng at dei politiske styresmaktene fungerer. Dette kunne skapa føresetnader for vidare svekking av DUP, noko som mest sannsynleg særleg ville gagna Ulster Unionist Party.

Den største utfordringa for DUP og andre unionistar etter 2022-valet, var likevel at Sinn Féin for fyrste gong sidan delinga av Irland vart største parti i eit val til ei nordirsk regionalforsamling – klårt foran DUP. Sett i samanheng med at Sinn Féin også vart største parti i sør ved valet til Dáil Éireann i 2020 og seinare har stabilisert seg langt framfor dei andre partia i meiningsmålingane, gjorde at varsellampene om irsk samling lyste i DUP og andre unionistparti. Orangeordenen tok til orde for å møta trugsmålet om irsk samling med tettast mogeleg valsamarbeid mellom unionistpartia, og nokon ynskte seg samanslåing av UUP og DUP. Det fyrste har vist seg vanskeleg, og det siste er heller ikkje ei sikker vinnaroppskrift. Eit samanslege unionistparti vil snautt få summen av oppslutnaden til dei to største unionistpartia. Dersom partiprofilen vert liggjande for nær den liberale fløya i UUP, vil det mest sannsynleg gje høgare oppslutnad til Traditional Unionist Voice. Vert den for tradisjonelt skarpt unionistisk, kan det fort gjera Alliansepartiet meir attraktivt for meir liberale UUP-veljarar.

Nordirske unionistar har den demografiske utviklinga mot seg. Kanskje vil det difor tena saka deira betre å overtyda større delar av den ikkje-unionistiske folkegruppa om at dei kan leva godt med framhald av unionen med Storbritannia. Difor hasta det å få regionsforsamlinga og regjeringa i funksjon att, noko DUP sytte for i 2024 etter at dei forhandla fram ei avtale med den britiske regjeringa som dei meinte styrkte unionen. Frå februar 2024 vart difor DUP-politikaren Emma Little-Pengelly visefyrsteminister og leidde regjeringa saman med fyrsteminister Michelle O'Neill frå Sinn Féin. Little-Pengelly og O'Neill har til felles at nære slektningar var dømde for troubles-relaterte brotsverk.

Partileiarar

Utfordringane for partiet har også kome til syne ved at partiet har hatt heile fire ulike partileiarar til no berre på 2020-talet.

  • Ian Paisley, 1971-2008
  • Peter Robinson, 2008-2015
  • Arlene Foster, 2015-2021
  • Edwin Poots, 2021-2021
  • Jeffrey Donaldson, 2021-2024
  • Gavin Robinson, 2024- (fungerande partileiar)

Det siste leiarskiftet kom på grunn av at Jeffrey Donaldson vart tiltala i ei alvorleg straffesak i mars 2024.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Gordon, D. (2010); The Fall of the House of Paisley. Gill & Macmillan
  • Madsen, R. (1994); Den anglo-irske avtala av 1985. Perspektiv på avtala og det unionistiske motstandet mot henne. Hovudoppgåve i historie, Universitetet i Trondheim.
  • McMahon, S. (2011); A brief History of Northern Ireland. The Brehon Press.
  • Murphy, M.C. & Evershed, J. (2020); Between the Devil and the DUP: the Democratic Unionist Party and the Politics of Brexit. British Politics Vol 15.
  • Tonge, J. m.fl. (2014); The Democratic Unionist Party. From Protest to Power. Oxford University Press.
  • Tonge, J. m.fl. (2020); Same but different? The Democratic Unionist Party and Ulster Unionist Party compared. Irish Political Studies Vol 35 nr 3.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg