Cora er eit kvinnenamn som kan vere samantrekt form av Cordelia. Namnet kan også komme av latin Cora med opphav i gresk kore som tyder ‘jomfru, jente’.

I klassisk mytologi er Cora eit tilnamn på Persefone (gudinna for dødsriket).

Personar med namnet Cora

Kulturell bruk

  • Cora i «Den siste mohikanar» (1826) av James Fenimore Cooper.

Kjende personar med namnet Cora

Eksempel på ein person med namnet Cora som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 80 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Cora som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg