I 1519 deltok Claus Bille i Christian 2s krigstog mot Sverige. Han var kommandant på Elfsborg, vart sett inn i slottslova på Stockholm slott og vart slått til riddar samstundes med at kong Christian vart krona til svensk konge 4. november 1520.
Etter oppgjeret med Christian 2 fekk han løn for god hjelp også av den nye kongen Frederik 1. Han kom inn i det danske riksrådet, og i 1527 plasserte kongen han i den viktige og utsette stillinga som høvedsmann på Båhus slott. Under Christian 2s tog mot Noreg i 1531/1532 heldt han festninga, og i 1532 fekk han i stand ein avtale med Gustav Vasa om tilbakelevering av Viken (nordre del av Båhuslen), som svenskekongen hadde sikra seg. Løysesummen på 1200 rhinske gylden (3000 danske mark) betalte Claus Bille av eigen lomme. Høvedsmannsstillinga på Båhus hadde han heilt fram til 1555, eit klårt vitnemål om den tiltrua både Frederik 1 og Christian 3 hadde til han.
I den spente situasjonen i 1532 var det viktig for kongen å skapa ro i landet, og Claus Bille viste seg då som ein nyttig mann. Saman med frenden sin Truid Ulfstand og oslobispen Hans Rev vart han send til Noreg for å få i stand «forbund, fred og enighed». Dei kalla inn til ting i Oslo og fekk allmugen til å sverja truskapseid til kongen, og på eit etterfølgjande møte med det norske riksrådet i Trondheim vart forbundstraktaten frå 1450 fornya.
Claus Bille reiste også som utsending frå det danske riksrådet til riksrådsmøtet i Bud i august 1533, etter at Frederik 1 var død. Her vart han saman med Eske Bille oppteken som medlem av det norske riksrådet. Erkebiskopen hadde nok ein baktanke med dette: Dei var begge gode katolikkar, og dei kunne bli ei motvekt mot den mektige Vincens Lunge, som erkebiskopen ikkje stolte på. Rådet vedtok at Noreg hadde sin eigen rett ved kongeskifte og sa seg viljug til å koma til herredagen i København i 1534 til eit felles valmøte. Det var ingen dissens i dette vedtaket, som Claus Bille formidla til det danske riksrådet. Situasjonen vart endra av Grevefeiden, den danske borgarkrigen i 1533–1535, og det tillyste valmøtet måtte utsetjast.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.