Cesilie er eit kvinnenamn. Det er ein variant av det latinske Cecilia som går tilbake til det romerske slektsnamnet Caecil-ius/-ia laga til adjektivet caecus som tyder ‘blind’.
Cesilie (kvinnenamn)
Namnestatistikk
I 2022 var det 208 kvinner i Noreg som hadde Cesilie som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Av dei som heitte Cesilie i perioden 1900–2017, var det 64 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Cesilie. Dette inneber at 36 prosent hadde Cesilie som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Utvikling i bruk av namnet Cesilie frå 1880
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.