Camilla er eit kvinnenamn som går tilbake til det romerske slektsnamnet Camill-us/-a av etruskisk opphav. I latin tyder ordet camilla ‘jente som hjelper til ved ofringar’.
Camilla (kvinnenamn)
Personar med namnet Camilla
Fyrste namneberar
Dei fyrste som vart registrerte med namnet, var forfattarinna Camilla Collett (fødd Wergeland) og Camilla Marie Roosen (fødd Thrane), busett i Trondheim 1865. Dei var begge fødde i 1813. Camilla Collett hadde opphavleg dobbeltnamnet Jacobine Camilla.
Kulturell bruk
- I Vergils «Aeneiden» (19 f.Kr.) er Camilla ein kvinneleg krigar som kjempar i hæren til Aeneas.
Kjende personar med namnet Camilla
Eit utval personar med namnet Camilla, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Camilla Collett (1813)
- Camilla Wicks (1928)
- Camilla Carlson (1930)
- Camilla Mickwitz (1937)
- Camilla (dronning av Storbritannia) (1947)
- Camilla Merete Myhre (1967)
- Camilla Martens (1969)
- Camilla Läckberg (1974)
- Camilla Herrem (1986)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Camilla og Kamilla slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Trestava kvinnenamn med endinga -a er oftast utanlandske namn, og dei var lite brukte på 1800-talet og fram til midten av 1900-talet. Frå da av – eller litt seinare – byrja dei å bli populære. I tillegg til Camilla gjeld dette mellom anna Anita, Marita og Karina. Sidan år 1900 har Camilla vore brukt 5,5 gongar meir enn Kamilla.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.