Byglandsfjord er ein tettstad i Bygland kommune i Agder. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,5 km², og har 329 innbyggjarar (2023).
Byglandsfjord ligg ved sørenden av innsjøen Byglandsfjorden.
Byglandsfjord voks opp som tettstad etter opninga av Setesdalsbanen frå Kristiansand i 1896; herfrå var det dampbåtsamband vidare nordover på Byglandsfjorden. Banen vart nedlagd i 1962. Den restaurerte dampbåten DS Bjoren har fast kaiplass i Byglandsfjord og går ruter med passasjerar om sumaren. I Byglandsfjord ligg òg Bygland museum med seks restaurerte bygningar, mellom anna ei røykstove frå 1650-talet.
Gjennom tettstaden går riksveg 9 Kristiansand–Haukeligrend. Tettstaden har sagbruk og mykje turisttrafikk, og dessutan eit turisthotell.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.