Breiðafjörður er ei stor havbukt på Islands vestkyst, mellom Snæfellsnes og Látrabjarg. Fjorden er om lag 125 kilometer lang og 50 kilometer på det breiaste. Tidevasskilnaden er stor og kan komme opp i seks meter.
Breiðafjörður har mange øyer og skjær i indre del; dei fleste av øyene på Island ligg her. Antalet er rundt tre tusen, men det er berre Flatey som er busett heile året. Omkring år 1900 budde det opp mot 600 innbyggarar på øyene i Breiðafjörður som hausta af den rike naturen – sel, hai og annan fisk, fugl, egg, ærdun og tang.
I Breiðafjörður finst store hekkeplassar for sjøfugl. Om lag femti fuglearter ynglar på øyene i fjorden, som også har viktige samlingspunkt for trekkfuglar. Fjorden er kjent for sitt rike fiske og er gyteområde for mange ulike matfiskar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.