Bismo er ein tettstad i Skjåk kommune i Innlandet. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,2 km², og har 607 innbyggjarar (2023).
Bismo er administrasjonssenter i Skjåk kommune, ved riksveg 15. Bismo har sagbruk og trevare- og møbelindustri, dessutan verkstadindustri med blant anna produksjon av ventilasjonsanlegg.
Fyrsteleddet i namnet er det same som i fjellet Bisberget like ved. Det kjem truleg av 'bisp', da eit parti i fjellet skulle minne om en biskop.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.