Benjamin Edward Britten var ein engelsk komponist og pianist. Han var ein av dei viktigaste operakomponistane på 1900-talet og ein sentral fornyar av den engelske kortradisjonen.
Den viktigaste musikalske påverknaden hans i barndomen var mor hans, Edith, som sjølv var songar og pianist. Britten synte tidleg eit stort musikalsk talent, og Edith drøymde om at sonen skulle verte «den fjerde B‑en», etter Bach, Beethoven og Brahms. Han gjekk på privatskulen Gresham's School i Norfolk, før han i 1930–33 studerte komposisjon ved Royal College of Music i London.
Britten var ein av dei etterkrigskomponistane som best greidde å skape eit umiskjenneleg moderne tonespråk innanfor rammene av den tradisjonelle tonaliteten. Hovudarbeida hans låg innanfor opera og kormusikk, der han skreiv nokre av meisterverka på 1900-talet. Han var homofil og ein aktiv pasifist heile livet, og denne utanforposisjonen var ein tematikk han stadig utforska i musikken sin. Likevel opplevde Britten i større grad enn dei fleste 1900-talskomponistar å verte hylla og godteken av storsamfunnet. Fleire av verka hans vart tidleg svært folkekjære, men War Requiem (1962) står i ei særstilling, særleg i heimlandet England.
Operaene hans var dei første av ein engelskmann som gjekk inn i standardrepertoaret, og i dag vert mange av dei regelmessig oppførte verda rundt. Den kanskje mest ikoniske av dei er òg den som gjorde han kjend, Peter Grimes (1945). Her grev Britten djupt i det brennbare forholdet mellom individ og samfunn, med ypparleg sans for både det dramatiske og det musikalske.
Britten fekk tildelt ei lang rekkje prisar og utnemningar for musikken sin, til dømes Royal Philharmonic Society si gullmedalje (1964), Léonie Sonnings musikkpris (1968) og Ernst von Siemens' musikkpris (1974). I 1976 vart han adla til Baron Britten av Aldeburgh av dronning Elizabeth 2.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.