Bømlo-Nytt er ei norsk lokalavis for Bømlo kommune i Vestland. Ho vart grunnlagt i 1973 og kjem ut i papirformat på Bremnes to gonger i veka og som dagleg oppdatert nettavis. Polaris Media er frå 2020 hovudaksjonær i Bømlo-Nytt. Avisa vert redigert på nynorsk, og er medlem av Landslaget for lokalaviser.
Bømlo-Nytt
Faktaboks
- Offisielt namn
- BØMLO-NYTT AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Bremnes
- Stifta
- 1973
- Dagleg leiar
- Reidar Hystad
- Styreleiar
- Marit Kalgraf

Digitalt
Bømlo-Nytt starta med nettutgåve som ei forsøksordning i 1997, og endra det til permanent ordning frå 1999. Betalingsmur for ikkje-abonnentar vart sett i verk i 2013. Det daglege talet på lesarar av papirutgåva og nettutgåva var i fjerde kvartal 2023 i gjennomsnitt 6313, ifølgje statistikk hos Mediebedriftenes Landsforening. Avisa har fleire podkastar.
Historie

Det vrimla av nye aviser etter EF-røystinga i 1972. Mange små stader fekk no aviser som skulle imøtekome trongen for lokal informasjon, og som kunne målbere lokalsamfunnet sine interesser. I denne tida hadde Else-Marie Ovesen (f. 1932) flytta frå Bergen til Finnås. Der fann ho ut at det lokale næringslivet på Bømlo mangla eit annonseorgan. Ovesen laga planar for å starte avis og fekk 6000 kroner i startstøtte frå kommunen. 30. august 1973 fekk bømlingane endeleg si eiga avis, og etter seks veker hadde Bømlo-Nytt fått over 1500 tingarar.
Ovesen var åleine om avisdrifta fram til våren 1974. Då var sonen Stein-Erik ferdig med artium og gjekk inn i avisa. I 1990 overtok han som redaktør. I den fyrste tida kom avisa ut berre éin gong i veka, men frå midten av 1970-talet kom ho ut onsdag og fredag. I 1979 fekk Bømlo-Nytt pressestøtte for fyrste gong. Avisa blei skriven i heimen til Ovesen, og trykt i Ytre Arna. I 1980 blei heimekontoret bytta ut med nybygde avislokale på Finnås.
Etter år med overskot kom det eit negativt skifte då Annonseposten blei etablert i 1989. Denne gratisavisa var driven av Sigve Sæverud, som var ein tidlegare journalist i Bømlo-Nytt. Våren 1993 valde Jan Harald Larsen å seie opp stillinga si som redaksjonssekretær i Bømlo-Nytt på grunn av misnøye med avisdrifta. 10. september 1993 kunne Larsen og Sæverud presentere Bømlo i Tekst og Bilete. Med seg på laget fekk dei to journalistar som hadde sagt opp stillingane sine i Bømlo-Nytt i mai 1993. Annonseposten gjekk inn i Bømlo i Tekst og Bilete.
Avislokala på Bremnes var eigde av Leif Georg Amundsen, som også hadde store eigarinteresser innan dykking, flyselskap, hotell. Etter kvart eigde han også heile Bømlo i Tekst og Bilete.
Bømlo i Tekst og Bilete ville vinne konkurransen med låge prisar, men Bømlo-Nytt svarte med same mynt. Då Bømlo i Tekst og Bilete ville auke til tre utgåver i veka, hadde Bømlo-Nytt fått nyss i planane. I fredagsavisa 26. november 1993 kunne difor begge avisene fortelje lesarane sine at dei ville kome med måndagsutgåver.
I 1996 byrja Bømlo-Nytt å tære på eigenkapitalen, og Bømlo i Tekst og Bilete gjekk med millionunderskot kvart år. Amundsen sine andre prosjekt byrja å gå svært dårleg, og i 1997 fekk han store problem med å skaffe midlar til Bømlo i Tekst og Bilete. Bømlo i Tekst og Bilete hadde berre eit opplag på om lag 1500, medan Bømlo-Nytt sitt var på knapt 4000. Det heile enda med at Bømlo-Nytt kjøpte Bømlo i Tekst og Bilete for 1 million kroner den 19. desember 1997, og Bømlo-Nytt har sidan vore åleineavis på Bømlo.
Opplag
Opplagstal for Bømlo-Nytt, 1986-2023
tidspunkt | |
---|---|
1986 | 4101 |
1988 | 4152 |
1990 | 4098 |
1991 | 3915 |
1992 | 3968 |
1993 | 4039 |
1994 | 3783 |
1995 | 3727 |
1996 | 3564 |
1997 | 3455 |
1998 | 4051 |
1999 | 3873 |
2000 | 4177 |
2001 | 4021 |
2002 | 3989 |
2003 | 3795 |
2004 | 3560 |
2005 | 3512 |
2006 | 3381 |
2007 | 3398 |
2008 | 3407 |
2009 | 3337 |
2010 | 3301 |
2011 | 3152 |
2012 | 3198 |
2013 | 3294 |
2014 | 3188 |
2015 | 3141 |
2016 | 3205 |
2017 | 3204 |
2018 | 3418 |
2019 | 3555 |
2020 | 3630 |
2021 | 3707 |
2022 | 3810 |
2023 | 4036 |
År | Opplag |
---|---|
1978 | 3077 |
1988 | 4152 |
1994 | 3791 |
1998 | 4124 |
2008 | 3077 |
2015 | 3141 |
2016 | 3205 |
2017 | 3204 |
2018 | 3418 |
2019 | 3555 |
2020 | 3630 |
2021 | 3707 |
2022 | 3810 |
2023 | 4036 |
Opplagstala til og med 2015 gjeld berre for papirutgåva. Frå 2020 reknar ein opplaget på grunnlag av både papirabonnement og digitalt abonnement, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.
Fakta
- Fyrste nummer 30. august 1973
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
- KulturNav-ID
- d899799a-00c8-45a6-ad39-3a2fb7cb724f
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.