Bård er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Bárðr av eldre Bá-røðr. Forleddet kjem av Bǫð- som tyder ‘strid’. Etterleddet -røðr (opphavleg -frøðr) tyder ‘fred’.
Her er det stikk motsett tyding i forleddet og etterleddet. Men alt i norrøn tid var namnet Bárðr ugjennomsiktig, og forfedrane våre kunne dermed ikkje utan vidare sjå at dette opphavleg var eit toledda namn.
Namnet har fleire variantar: Bård, Baard.
Namnedag er 2. desember. Borghild og Borgny har også namnedag denne dagen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.