Avicii (artist)
Faktaboks
Tim Bergling
- Fødd
- 8. september 1989, Stockholm
- Død
- 20. april 2018, Muscat, Oman
Bakgrunn
Som son av ein bedriftsleiar og ein skodespelar voks Tim Bergling opp i velstand på Östermalm i Stockholm. Han var 16 år då han byrja laga housemusikk.
Karriere
I 2008 kom debutsinglen Sound Of Now. Aviciis første hit var Bromance (2010), som nådde Topp 3 i Nederland og Belgia. Seek Bromance blei same år gjennombrotet i Storbritannia. Levels (2011) var ein stor hit i mange land, med førsteplass i Noreg og Sverige.
I Storbritannia toppa Avicii med I Could Be The One (2012), som var eit samarbeid med Nicky Romero. Den største suksessen hans var Wake Me Up, med førsteplass i ei rekkje land. I Noreg toppa han også singlelista med Hey Brother i 2013 og Waiting For Love i 2015.
Debutalbumet True frå 2013 blei ein stor suksess, medan oppfølgjaren Stories (2015) selde mindre. I 2017 kom dokumentaren Avicii: True Stories.
Helseproblem fekk han til å slutta å turnera i august 2016, og 20. april 2018 gjorde han sjølvmord medan han var på ferie i Muscat i Oman – berre 28 år gammal. I juni 2019 kom det posthume albumet TIM.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.