Faktaboks

Aursjøen
Region
Innlandet, Møre og Romsdal
Kommune
Lesja, Molde
Vassdrag

Eikesdalsvassdraget

Viktigaste utløp
Aura
Areal
37 km2
Høgd over havet
856
Reguleringshøgd
827,3–856
Magasinvolum
561 mill. m3
Aursjøen
Av .
Lisens: CC BY NC 2.0

Aursjøen er ein innsjø på grensa mellom Lesja kommune i Innlandet og Molde kommune i Møre og Romsdal. Avløpselva Aura renn gjennom Eikesdalen til Eikesdalsvatnet.

Aursjøen, med opphavleg areal på 7,6 km², er sidan 1953 oppdemt saman med vatna Grynningen og Gautsjøen til hovudmagasin for Aura og Osbu kraftverk. Demninga, som er ein fyllingsdam med frontal tetningsplate av betong, blei rehabilitert i 2006. Dammen har flaumavleiing over et 165 meter fritt overløp.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg