Aure er ein tettstad i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,6 km², og har 4413 innbyggjarar (2023).
Aure er administrasjonssenter i Sykkylven kommune og inngår som ein del av den større tettstaden Sykkylven.
Aure er ein industristad med møbel- og trevareindustri og verkstadindustri, mellom anna elektroteknisk, metallvare- og maskinindustri.
Her ligg Sykkylven vidaregåande skule (Møre og Romsdal fylkeskommune).
Aure har vegsamband med Ålesund (Fv. 60) via ferge over Storfjorden (Aursnes–Magerholm).
Det er gjort fleire oldtidsfunn i Aure. Tettstaden har eit naturhistorisk museum.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.