Faktaboks

Aslak Aasmundsson Nestestog
Fødd
1758, Lårdal (no Tokke), Telemark
Død
20. januar 1830, Vinje, Telemark
Verke
Figur- og rosemålar
Familie

Foreldre: Gardbrukar Aasmund Øysteinsson Gøytil (død 1772) og Sissel Knutsdotter Hylland (1727–etter 1801).

Gift 1.4.1790 med Margit Halvordsotter Kostveit (1768 (døypt 24.1.)–5.5.1855), dotter til gardbrukar Halvor Aslaksson Kostveit (1741–1826) og Anne Aslaksdotter Gardsgjore (1744–97).

Far til Aasmund Nestestog (1797–1885).

Aslak Aasmundsson Nestestog var ein norsk figur- og rosemålar, verksam i Telemark. Nestestog måla figurmåleri mellom anna i stova på Norigard-Hylland (1787), altertavla i Nesland kyrkje (1790-åra) og Brunkeberg kyrkje i Kviteseid (1794). Nestestogs gav att dei bibelske motiva i dramatiske komposisjonar.

Bakgrunn

Nestestog voks opp på Gøytil i Lårdal, men kjøpte i 1790 garden Nestestog i Vinje og endra då namn frå Gøytil til Nestestog. Han var av velståande folk, og mora ætta frå Oluf Nielsen Kjøbenhavner, som var prest i Vinje i 1639–1675.

Figur- og rosemåling

Det er usikkert kven Nestestog lærde å måle av, men «rokokkomålaren» frå Kongsberg er nemnt som ein sannsynleg læremeister. I alle høve har det vore ein bymålar i Vinje på den tida, og det er av og til tvil om arbeid er gjorde av Nestestog eller denne ukjende målaren.

Ivistoga på Nordbø i Mannås i Ytre Vinje, måla i 1786, kan vere av Nestestog, men det fyrste sikre arbeidet hans er ivistoga på Norigard-Hylland (1787). Der er nær alle veggflater fylte med bibelske motiv og innskrifter, særleg frå Kristi lidingssoge. Der er òg eit portrett av husfrua Aasne Groven Hylland, som han hadde eit godt auge til. Vidare er det villmenn med klassiske drag, i tillegg til løve og havhest i rokokkoinnramming.

Nestestog kan også i 1796 ha måla stoveinnreiinga på Kallåk i Mannås i Ytre Vinje, men der er rankene nokså stive og hjelpelause og heilt ulike den elegante rokokkoen til Nestestog. Prydmålinga hans på Drottning-ivistoga i Vinje blei seinare overmåla, då eigaren ikkje lika motivet på inngangsdøra: ein kortspelande djevel.

Nestestog har måla i to kyrkjer. Altertavla i Nesland stavkyrkje i Vinje er måla på lerret mellom 1790 og 1800 og framstiller korsfestinga av Jesus. Motivet er frå ei eldre katekisme. Stavkyrkja vart riven i 1847, men vart hengt opp igjen i Nesland nye kyrkje.

Ei større oppgåve har Nestestog hatt i 1794 i Brunkeberg kyrkje i Kviteseid, der han dekorerte taket «hvor Dommedag med rædsomme Skikkelser staar Præsten for Øie hver Gang han træder op paa Prækestolen» (Landstad). John Moses, som var sokneprest i Kviteseid i 1867–1880, fekk alt overmåla, då han uttalte at han ikkje tolte å sjå det medan han preika. Overmålinga er seinare fjerna. Det kan også ha vore Nestestog-måling i fleire kyrkjer, men desse er anten overmåla eller kyrkjene rivne.

Mykje av Nestestogs kunst syner ein strid mellom lånte motiv og sjølvstendig utforming. Han hentar stoffet frå bøker, heraldikk, tresnitt, borgarfaner, omnar, myntar og medaljar. Striden kjem til syne når han i Nesland-tavla let den romerske soldaten bora med ein husnavar frå Vinje. Han hadde sans for det kristelege og ei stor evne til dramatisk komposisjon.

Det er uvisst om Nestestog også var innreiingssnikkar, men det er truleg at han var med Jarand Rønjom og bygde Vinje kyrkje i 1796. Nestestog nytta nok det meste av tida si til å vere gardbrukar, og han fekk kongeleg løyve til å setje opp sag. Eldste sonen, Aasmund Nestestog, vart også ein kjend bondekunstnar.

Kunstnarleg utsmykking i utval

  • Veggmåling i Ivistoga, Norigard-Hylland, Vinje, 1787
  • Altertavle Krossfestinga i Nesland stavkyrkje (no i Nesland kyrkje), Vinje, 1790-åra
  • Takmåling med bibelske motiv i Brunkeberg kyrkje, Kviteseid, 1794

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • M. B. Landstad: Neslands Kirke. Et Digt, Fredrikshald 1852, s. 6f.
  • A. Helland: Bratsberg Amt, bd. 1, 1900, s. 462f.
  • Telesoga 3, Fargo (North Dakota) 1909, s. 5f.
  • S. Bugge og R. Berge: Norske eventyr og sagn, bd. 2, 1913, s. 35 og 62
  • J. Meyer: Fortids kunst i Norges bygder, bd. 6 Telemarken, 1922, s. 26, 35 og 37f.
  • R. Berge: biografi i Norsk biografisk leksikon 1, bd. 10, 1949
  • Ø. Vesaas: Rosemaaling i Telemark, bd. 1, 1953, s. 197f. og 205–220

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg