Ashmore og Cartierøyane er ei australsk øygruppe i Indiahavet utan innbyggjarar. Øygruppa ligg 320 kilometer nordvest for Australia og 170 kilometer sørvest for øya Roti i Indonesia.
Øygruppa er eit såkalla eksternt territorium i Australia, og består av Ashmoreøyene – tre små koralløyar omgitt av korallrev – og Cartierøya, som også er omgitt av rev. Ashmore og Cartierøyene er verna naturreservat og stengt for besøkjande. Australia administrerer utvinning av petroleum frå undersjøiske oljefelt i utkanten av territoriet.
Øyane vart formelt overførte frå Storbritannia til Australia i 1933.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.