Faktaboks

Arve Brunvoll
Fødd
17. juni 1937, Molde, Møre og Romsdal

Arve Brunvoll er prest, professor emeritus og salmediktar. Han var med i redaksjonen for Norsk Salmebok (1985), og han har omsett fleire tekstar som har vorte svært populære.

Bakgrunn

Etter teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet i Oslo i 1962 og praktisk-teologisk eksamen i 1963 har han ein doktorgrad frå Glasgow University i 1968 om etikk og éin frå Universitetet i Bergen i 1997 om tilhøvet mellom Luther-forståing og religionskritikk hjå filosofen Ludwig Feuerbach.

Brunvoll var skuleungdomsprest i Norges kristelige student- og skoleungdomslag i Stavanger 1964–1968, førsteamanuensis i systematisk teologi ved Norsk Lærerakademi (NLA) i Bergen frå 1968, rektor der i perioden 1992–1995 og professor frå 1999 og fram til han gjekk av for aldersgrensa i 2007.

Gjennom fire tiår var Brunvoll ein avhalden undervisar i systematisk teologi. Samstundes har han ein omfattande fagleg produksjon – særleg på områda etikk og salmeforsking. Mellom dei mange vitskaplege og kyrkjelege verva hans kan nemnast arbeidet i Liturgikommisjonen og Salmebokkomiteen for Den norske kyrkja 1972–1984.

Norsk Salmebok

I Norsk Salmebok (1985) hadde Brunvoll seks eigne salmar og over tretti omsetjingar eller gjendiktingar. Både hans originale «Du Ord frå alle æver» og den gamle irske «Deg å få skode er sæla å nå» har vorte mykje nytta i norske gudstenester frå slutten av 1980-åra.

Brunvoll er representert med 7 originale salmar og 44 omsetjingar i Norsk salmebok (2013). Berre Svein Ellingsen og Eyvind Skeie er representert med fleire i salmeboka, 58 og 55, medan Brunvoll har flest omsetjingar. Berre nynorskpioneren Bernt Støylen og Magnus Brostrup Landstad er i nærleiken med 38 og 30. Med sju originale salmar er Brunvoll saman med Edvard Hoem (som har elleve) ein av dei to nolevande nynorskforfattarane som har flest eigne salmar i boka.

Brunvoll sine originale salmar i Norsk salmebok 2013

  • Du ord frå alle æver (77)
  • Ein bustad har du vore, Gud (252)
  • Kor herleg, Gud, å prisa deg! (255)
  • Min hyrding er vår Herre Gud (328)
  • Vi syng med takk og glede for Gud, vår kjære Far (432)
  • Gud, send ditt ljos, di sanning ut (559)
  • Du gav meg, Gud, eit liv i denne verd (722)

Les meir i Store norske leksikon