Huitfeldt var leiar av Ullensaker AUF i 1985–1988, deretter fylkessekretær i Oslo AUF i 1988–1989. Ho var òg medlem av styret i Akershus AUF i 1986–1990, deretter medlem av sentralstyret i AUF i 1990–1994. Huitfeldt var nestleiar i sentralstyret i AUF i 1994–1996 og leiar i 1996–2000.
Frå 2002 til 2023 var ho medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet og var 2007–2019 leiar av kvinnenettverket til Arbeidarpartiet. Huitfeldt var vararepresentant til Stortinget i periodane 1993–1997 og 2001–2005 frå Akershus, og har sidan 2005 hatt fast plass som stortingsrepresentant frå Akershus. Ho trådte ut av Stortinget i 2024 då ho vart utnemnd til norsk ambassadør i Washington.
I perioda 2008–2013 var ho statsråd i regjeringa Stoltenberg II. Huitfeldt var barne- og likestillingsminister 2008–2009, kulturminister 2009–2012 og arbeidsminister 2012–2013. Frå 2013 til 2021 var Huitfeldt leiar av Utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget.
Ho gjekk av som utanriksminister ved regjeringsomdanninga hausten 2023. Ein av årsakane til avgangen var at det vart avdekka at hennar ektemann hadde handla aksjar i mellom anna Kongsberg Gruppen medan ho behandla saker som angjekk selskapet, og at ho dermed kunne ha vore uvitande inhabil.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.