Faktaboks

Andreas Fleischer
Fødd
5. november 1878, Hegra, Trøndelag
Død
23. november 1957, Vikedal, Ryfylke
Familie

Foreldre: Sokneprest Carl Edvard Fleischer (1843-1885) og Johannes Sophie Fergstad (1850-1926).

Gift i Yiang, Hunan, Kina med Petra Amalie Margreta Ulsaker (1881-1963), datter av prost Jon Ulsaker (1841-1914) og Martha Marie Amble (1851-1895).

Andreas Fleischer var ein norsk teolog. Han vart cand. theol. i 1902, var misjonsprest i Kina frå 1904, sokneprest i Fitjar frå 1912, på Stord frå 1917 og i Brunlanes frå 1922. Han var biskop i Bjørgvin bispedømme frå 1932 til 1949.

Fleischer gav ut kommentarar til Første Mosebok og evangelia på kinesisk, dessutan mellom anna Kristenliv og menneskeliv (1932).

Han var bror av general Carl Gustav Fleischer.

Les mer i Store norske leksikon

Faktaboks

Andreas Fleischer
Historisk befolkingsregister-ID
pf01037045128166

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg