Alvilde er eit kvinnenamn som er laga på grunnlag av den latinske forma Aluilda, tatt i bruk av den danske historieskrivaren Saxo.
Alvilde (kvinnenamn)
Personar med namnet Alvilde
Fyrste namneberar
Den fyrste som vart registrert med namnet, var Alvilde Deinball fødd 1814 i Drammen.
Kulturell bruk
- Alvilde i «Når den ny vin blomstrer» (1909) av Bjørnstjerne Bjørnson.
- Alvilde er hovudperson i «Den store barnedåpen» (1925) av Oskar Braaten.
Kjende personar med namnet Alvilde
Eksempel på ein person med namnet Alvilde som er omtalt i Store norske leksikon:
- Alvilde Prydz (1846–1922)
Namnestatistikk
I 2022 var det 479 kvinner i Noreg som hadde Alvilde som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 17 jenter som fekk namnet Alvilde.
Av dei som heitte Alvilde i perioden 1900–2017, var det 76 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Alvilde. Dette inneber at 24 prosent hadde Alvilde som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Alvilde er blant dei namna som vart populære under den nordiske namnerenessansen, blant anna som følgje av Alvilde i Grundtvigs omsetjing av Saxo. Namnet hadde ein topp rundt år 1900. Det er få renessansenamn som har hatt framgang på 2000-talet, og når Alvilde har fått ei ny blomstring, heng nok dette saman med at namnet har same lydmønster (tre stavingar) som mange trestava utanlandske namn med eit oppsving rundt år 2000. Det same gjeld renessansenamnet Elida.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Alvilde var klart mest brukt i Kristiania og Vestfold.
Alvilde var klart mest brukt i Kristiania og Vestfold.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.