Alvhild er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Alf-hildr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘alv (underjordisk vesen)’ og etterleddet ‘strid’.

Namnedag er 3. september. Alise og Vilde har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I 2022 var det 358 kvinner i Noreg som hadde Alvhild som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Forma Alfhild er brukt i Aalls Snorre-omsetjing frå 1838, og denne forma vart naturleg nok tatt i bruk før Alvhild som står i seinare Snorre-utgåver. Alfhild var på topp i perioden 1910–1914, og Alvhild like etter (1915–1929). Alfhild har sidan år 1900 vorte brukt nesten fire gongar så mykje som Alvhild.

Utvikling i bruk av namnet Alvhild frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Alvhild frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Alvhild på 1800-talet.

Alvhild var mest brukt i Nordland og Troms. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire variantar, til dømes Alvild.)

Geografisk variasjon i bruk av namnet Alvhild på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Alvhild var mest brukt i Nordland og Troms. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire variantar, til dømes Alvild.)

Historisk bruk av namnet Alvhild
Historisk bruk av namnet Alvhild
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon