Almannagjá er ei djup vulkansk kløft på Island som dannar nordvestgrensa for Þingvellir og austgrensa for den nordamerikanske kontinentplata. Almannagjá er ein del av riftsystemet som strekker seg frå Sørpolen gjennom Atlanterhavet der kontinentalplatene driv frå kvarandre. Kløfta er 7–8 kilometer lang, med ei loddrett, opptil 30 meter høg vestside. Austsida er 10–15 meter høg og slakare. Største breidde er 64 meter. Elva Öxará renn gjennom kløfta.
Historisk har Almannagjá ei mørk side, for i det 16. og det 17. hundreåret blei kvinner som var dømt for utruskap drukna i den delen av elva som heiter Drekkingarhylur. Menn blei hengt.
Kommentarar (4)
skreiv Lars Mæhlum
svarte Georg Kjøll
skreiv Lars Mæhlum
svarte Roger Pihl
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.