Aga er ein gard i Ullensvang kommune, Vestland fylke, på vestsida av Sørfjorden.
Faktaboks
- Også kjend som
-
Agatunet
Aga, med busetnad heilt frå steinalderen, var på 1200-talet hovudsete for ei adelsætt, der vi mellom andre kjenner til riddaren Sigurd Brynjolvsson (død 1303), som var lagmann i Gulating og medlem i rådet til kong Eirik Magnusson.
Den eldste bygninga i Agatunet, Lagmannsstova, som etter dendrokronologisk datering i 2015 truleg er bygd omkring 1220–1230, er ei av dei eldste verdslege trebygningane i landet. Lagmannsstova vart freda i 1924. Det øvrige tunet vart freda i 1937 og består i dag av vel 30 hus. Rett opp for tunet er den 1506 meter høge, bratte Vardanuten, som det har gått fleire farlege skred frå. Garden er etter jordskifte i 1937 delt i sju bruk, kvar med om lag 50 dekar dyrka mark og 200–500 dekar skog.
Fleire av husa i Agatunet er i dag ein del av Hardanger og Voss museum. Eit nasjonalt jordskiftesenter er etablert i tilknyting til Agatunet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.