Dette er en sammenligning mellom to versjoner av artikkelen Vestre Slidre.

Versjonen det gjelder Versjonen det sammenlignes med
Versjonsnr og -type 37 36
Opprettet 15.08.2023 kl. 10:31 15.06.2023 kl. 15:33
Beskrivelse

Endring i artikkeltekst fra versjon 36 til versjon 37

0 nye tegn. 363 sletta tegn. 0 flytta tegn.
Vestre Slidre er ein kommune i Valdres i Innlandet fylke. Kommunen vart oppretta 1849 ved deling av dåverande Slidre herad.

Kommunen omfattar det vestre hovuddalføret til Begnavassdraget nord for Fagernes, og dessutan fjellområda på begge sider, og vidare den øvre del av Tisleivassdraget til grensa mot Hemsedal. I hovuddalføret ligg den lange, smale Slidrefjorden, og ved nordenden av denne går grensa mot Vang kommune.

Natur

Berggrunnen består av omdanna kambrosiluriske bergartar (fyllitt) med enkelte innslag av valdressparagmitt og overskyvde, prekambriske djupbergartar (Jotundekket). Sørvest for hovuddalføret er der vide fjellvidder på 800–1000 meter over havet. Høgast når Gråkampen (1595 meter over havet) og Kruk (1582 meter over havet) på grensa til Vang kommune. 85 prosent av arealet ligg over 600 meter over havet. På nordaustsida går skogen heilt til topps i Slidreåsen (med høgaste topp på Kvithøvd 1001 meter over havet). Hovuddalen har bratte sider med god dyrkingsjord på kalkrik morene.

Befolkning og busetjing

Det meste av busetjinga er på nordaustsida av Slidrefjorden. Her ligg også administrasjonssenteret Slidre, tettstaden Røn og tettgrenda Lomen, alle langs E16. Folketalet heldt seg relativt stabilt fram til rundt 1990, seinare har det vore i tilbakegang. I tiårsperioden 2014–2023 gjekk folketalet tilbake med 4,4 prosent, mot ein vekst på 1,9 prosent i heile fylket.

Tettstader

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det to tettstader i Vestre Slidre. Tettstadene er til saman 1,0 km², og omfattar 0 % av arealet i kommunen.

Tettstad

Innbyggjarar

Andel*

Areal

 Slidre 

322

15 %

0,5 km²

 Røn 

257

12 %

0,5 km²

 Sum 

 579 

 27 % 

 1,0 km² 

* Andelen av innbyggjarane i Vestre Slidre kommune som bur i tettstaden.

Næringsliv

Jordbruket er den viktigaste næringsvegen, med hovudvekt på mjølkeproduksjon. Stølsdrifta betyr ein god del i denne samanhengen, med mange stølar i drift. Skogbruk, pelsdyravl og fiskeoppdrett (rakfiskproduksjon) er også viktige næringar. Industrien er dominert av næringsmiddelindustrien med Østlandsmeieriet som er den største bedrifta i Valdres. Forutan meieriet er industrien avgrensa til nokre mindre bedrifter i metallvare-, møbel-, trevare- og tekstilindustri.

Vestre Slidre er ein liten kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 176 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er to kraftverk i kommunen. Kraftverket med høgast snittproduksjon er Lomen kraftverk (i drift frå 1983).

Samferdsle

Det viktigaste vegsambandet er E16, som går langs austsida av Slidrefjorden. I det sørvestlege fjellområdet er det eit vidt nett av stølsvegar, mellom anna med samband frå Røn over til Hemsedal (Panoramavegen). Turisttrafikken har litt mindre betydning enn i nabodalføra Hemsedal og Øystre Slidre.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Vestre Slidre høyrer til Innlandet politidistrikt, Vestre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Valdresrådet saman med Etnedal, Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Vang og Øystre Slidre.

Vestre Slidre kommune svarer til dei tre sokna Lomen, Røn og Slidre i Valdres prosti (Hamar bispedøme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Vestre Slidre til Valdres fogderi (futedøme) i Kristians amt.

Delområde og grunnkrinsar i Vestre Slidre

For statistiske formål er Vestre Slidre kommune (per 2022) delt inn i tre delområde med til saman 18 grunnkrinsar:

 Røn: Rogndokken, Røn, Storhaug, Fosheim - Svedalen, Søndre Skrøvik, Vaset - Nøsen

 Slidre: Berge - Reien, Nesja, Slidre, Kvåle, Vik, Nordre Skrøvik, Trollhovd

 Lomen: Lome, Høyne, Vestre Lomen, Riste, Syndin

Historikk og kultur

I Vestre Slidre er det mange historiske attraksjonar som minner om ei tidleg busetjing, mellom anna Gardbergfeltet med over 900 fornminnefunn, rundt 660 gravrøysar, vardar og bygdeborger. I Gardbergfeltet, om lag 250 meter over Slidrefjorden, står Einangsteinen med innskrift i eldre runer og urnordisk språk. Lomen stavkyrkje ved nordenden av Slidrefjorden er bygd omkring 1200. Slidredomen (Valdres hovudkyrkje), bygd 1150–1200 i romansk stil, er rikt dekorert og har alterkalk i sølv med edelsteinar frå ca. 1335. Rett sør for Slidredomen ligg Tingsteinen, som er knytt til Olav den heilage si kristningsferd gjennom Valdres. På Vaset turistområde finst leirskule, fjellstover og hyttegrend.

Kommunevåpen og namn

Kommunevåpenet (godkjent i 1987) har eit sjøblad i sølv på blå bakgrunn, der sjøbladet er omgitt av ein sølvfarga bord som er danna ved taggesnitt. Motivet er henta frå Slidredomen.

Namnet kjem av prestegarden i Vestre Slidre, som gav namn til hovudsoknet og prestegjeldet. Det gamle namnet på Vestre Slidre var Vesta åsen. Namnet Slidre viser opphavleg til ein bekk som renn i ei trong kløft, like ved kyrkja, Slidredomen.

Kart

Les meir i Store norske leksikon

Valdres

Innlandet

Noregs geografi

Eksterne lenkjer

Nettsidene til Vestre Slidre kommune

SSB Kommunefakta

Geologiske kart – NGU

Litteratur

Beitrusten, Geir.: Gardar og slekter i Vestre Slidre, 1979, isbn 82-990166-3-0. Les boka. 

Ey, Tore: Vang og Slire : Ei nokre or um garadn der og følket, som har but på dei, i dei siste tvo hundre år før 1865. Kristiania 1916. Les boka. 

Ødegaard, Ole Knutsen: Vestre Slidre 1837–1937: minneskrift. Gjøvik 1937. Les boka.

Endring i språk fra versjon 36 til versjon 37

Ingen endringer i språk

Endring i faktaboks fra versjon 36 til versjon 37

Ingen endringer i faktaboks