Versj. 16
Denne versjonen ble publisert av Marie Nedregotten Sørbø 10. oktober 2018. Artikkelen endret 2 tegn fra forrige versjon.

George Eliot, engelsk romanforfattar, essayist og omsettar, var eit av dei største litterære namna i siste halvdel av attenhundretalet. Forfattarnamnet var likevel pseudonym for ei intellektuell og målretta kvinne som fann det tryggast å publisere som mann. Ho heitte Mary Ann (eller Marian) Evans, og levde eit på mange måtar utradisjonelt liv for si tid. Særleg dei store romanane hennar er hugsa som viktige verk, ikkje minst er Adam Bede, Middlemarch, Møllen ved Floss og Silas Marner framleis mykje lest, kommentert og studert. Det er dessutan interessant å sjå kor mykje og kor tidleg ho var lest på norsk.

George Eliot var banebrytande i å bruke eit rikt utval dialektar og sosiolektar som gir romanane ein slåande nærleik til kvardagslivet i bygd og by. Dette vitnar om stor språksans, men også ein medviten realisme som vidare kjem til utrykk i eit stadig tematisk fokus på klassemotsetnader og kjønnsulikskap. Ei anna tidleg interesse var moderne tysk filosofi, medan hennar lågkyrkjelege bakgrunn gjorde henne til ein djupt etisk tenkande forfattar. Lesarar får ofte ein god porsjon livsfilosofi, med humoristiske, skarpe og gjenkjennande refleksjonar innimellom hendingane i romanane. Det er difor fleire grunnar til at George Eliot vart høgt respektert i samtida og fylgjande periodar, og ikkje minst gjorde at Ivar Aasen straks tok fatt på å omsette henne til norsk (sjå under).

Familien budde nær Nuneaton der det i nyare tid er reist ei statue av henne, og deretter i Coventry, og Mary Ann Evans brukte seinare trekk frå desse lokalmiljøa i romanane sine. Som jente fekk ho ikkje høgare utdanning slik ho kunne fått hadde ho vore gut, men fekk likevel mykje meir enn dei fleste andre jenter. Ho gjekk på ulike kostskular til ho måtte slutte som sekstenåring, og måtte deretter lese på eiga hand. Ho lærte likevel fleire språk som fransk, italiensk, tysk og også latin, og har til dømes greske sitat i bøkene sine. Sidan mora døydde tidleg, måtte Mary Ann heim og vere husmor for faren, noko som varte til han døydde i 1849 då ho var tretti år. Ho var som heilt ung påverka av kristne lærarar, men blei snart like sterkt overtydd skeptikar etter mangeårig vennskap og samarbeid med radikale fritenkarar både i Coventry og London.

Det første arbeidet Evans publiserte (bortsett frå eit dikt) var ei omsetting av ei tysk, rasjonalistisk bok som problematiserte tradisjonell, kristen teologi: The Life of Jesus Critically Examined (1846) av D.F. Strauss. Han som gav denne ut, John Chapman, sette henne også til å redigere det kjende venstre-orienterte tidsskriftet, The Westminster Review, som ho gjorde med stort hell i tre år. Ho skreiv også bokmeldingar, og kom med ei ny, stor omsetting av eit filosofisk verk nokre år etter, men alt dette arbeidet vart gjort utan at hennar namn vart nemnd. På trykk var det Chapman som var redaktøren.

Alle som veit litt om George Eliot har høyrt at forfattaren levde i eit livslangt sambuarskap, noko som var høgst uvanleg og slett ikkje akseptert. Det var vel heller ikkje noko ho sjølv ynskte, men det var den einaste måten ho kunne få George Henry Lewes, som var gift før og ikkje kunne få skilsmisse. Den tidlegare kona hans levde også saman med ein annan, så Mary Ann rekna seg heile tida som den eigentlege fru Lewes, og brukte namnet som om ho hadde papir på det. Mary Ann og George Henry var begge litterære kritikarar og skribentar, dei samarbeidde og støtta kvarandre heile livet, og fekk 24 år i lag. Dei var også begge velkjende namn i London, men etter at ho gav ut fleire romanar, var det ‘George Eliot’ som var stor og berømt i heile Europa. Då mannen døydde frå henne, laga Mary Ann ny skandale mellom besteborgarane ved å inngå ekteskap (denne gongen gyldig) med den mykje yngre vennen John Walter Cross. Dette varte svært kort tid før ho sjølv døydde, berre 61 år gamal.

George Eliot var ikkje berre lokalforfattar men også i høg grad internasjonalt orientert. Som ugift kvinne reiste ho i Tyskland og Sveits, og seinare saman med mannen gjorde ho mange reiser på kontinentet der begge arbeidde med bøker og artiklar. Eit av landa ho besøkte mest, ved sidan av Tyskland, var Italia, der den eine romanen går føre seg.

Året før ho gav ut dei første fortellingane i 1857 skreiv Evans ein artikkel der ho kritiserer og distanserer seg frå dei svært populære ‘dameromanane’, som ho såg på som lettbeinte, overflatiske og urealistiske (‘Silly Novels by Lady Novelists’, 1856). Kanskje var denne skepsisen ein av grunnane til at ho brukte mannsnamn. Sjølv ville ho skrive viktig litteratur om samfunnet slik ho kjende det, og begynte med tre forteljingar frå landsbygda i samlinga Scenes of Clerical Life. Folk trudde boka var skriven av ein prest, og spekulasjonen gjekk høgt då den første romanen, Adam Bede, vart ein stor suksess i 1859. Dronning Victoria, som var nøyaktig like gamal som Mary Ann Evans, elska visstnok denne boka. Då ein mann prøvde å skryte på seg forfattarskapen, måtte Mary Ann stå fram som den rette George Eliot. I løpet av ein tjueårs-periode gav ho ut sju romanar, i tillegg til fleire kortare og lengre fortellingar, og skreiv dessutan ein del dikt og andre sjangrar.

Tittelen betyr 'prestelivs-scener' og boka består av tre fortellingar om tre prestar og folk rundt dei i den fiktive småbyen Milby. ‘The Sad Fortunes of the Reverend Amos Barton’ kom først i eit blad, og året etter i bokform saman med dei to andre. Ein av desse, ‘Mr Gilfil’s Love Story’, har aldri vore omsett til norsk, medan ‘Janet’s Repentance’ kom på norsk i 1896 og ‘Amos Barton’ i 1919. Størst inntrykk gjer fortellinga om Janet Dempster som vert fysisk og psykisk mishandla av sin drukkenbolt av ein mann. Konemishandling er eit uvanleg og uventa tema for den tidas fiksjon, og fortellinga vitnar om kva tilhøve nokre kvinner lever under. Med realisme og psykologisk truverd skildrar forfattaren korleis vald og misbruk bryt ned offeret mentalt, og at det kan vere lite hjelp å få av samfunnet rundt.

Alt i den første fulle romanen viser George Eliot forfattarhandverk av øvste klasse; boka er stram i struktur og evig aktuell i tematikken. Adam Bede er den trufaste handverkaren som forelskar seg i den vakre Hetty Sorrel, men ho føretrekk godseigarsonen som sjølvsagt sviktar når det gjeld. Høg sosial status er ingen garanti for høg moralsk integritet, snarare tvert om. Boka gir også eit gripande eksempel på kor ulike vilkåra var for kvinner og menn. Dei gjer det same misgrepet, og det kostar kvinna dyrt medan mannen beheld sin samfunnsposisjon. Ein annan hovudperson er Dinah Morris, ein kvinneleg metodist-predikant i ei tid då dei fleste kyrkjer ikkje slapp kvinner til på talarstolen. Boka er omsett til norsk to gonger, i tillegg til eit lite utdrag ved Ivar Aasen.

Hovudpersonen Maggie Tulliver har mykje felles med forfattaren som barn og ung. Eit tett søskenforhold blir endra av at søstera tek dei gale vala og oppfører seg skandaløst i andre sine auge, og broren sviktar henne. Ho er ei dotter som prøver å oppnå farens fulle kjærleik, eit motiv frå Mary Anns eige liv, og unge Maggie sitt sakn etter større oppgåver og vidare horisontar kjenner vi også att. Etter fleire komplikasjonar i kjærleiksliv og vennskap, endar det heile tragisk, men trass alt med forsoning mellom bror og søster. Romanen er omsett til norsk to gonger.

Ein svært velkomponert, kortare roman om ein bitter handverkar som isolerer seg frå verda etter å ha blitt svikta på det grovaste av vener og kyrkjesamfunn, og blir berga gjennom å adoptere ein baby. Den vesle jenta får som vaksen valet mellom sine to familiar, godseigaren eller vevaren, og vel det fattige livet med kjærleik, heller enn status, pengar og privilegium. Denne historia er blitt gjenfortalt i mange versjonar, og er ei av dei mest populære på film. Boka er omsett til norsk to gonger, pluss i teikneserie-form i Illustrerte Klassikere.

I motsetning til dei andre romanane, har ikkje Romola handling frå engelsk attenhundretal, men i staden frå Italia på 1490-talet. Hovudpersonen – den lærde kvinna Romola de Bardi – er fiktiv, men fleire andre personar er historiske, som dominikanmunken Savonarola, som ho blir inspirert av etter at ekteskapet skuffar henne. Dette er nok i dag ein av dei minst leste av George Eliot sine romanar, og har aldri vore omsett til norsk.

Som fleire andre av bøkene er handlinga lagt til 1830-talet, og handlar om den unge medisinstudenten Felix Holt som sjølvproletariserer seg og arbeider som klokkemakar i småbyen Treby. Han blir innblanda i opprør og rettssak, og får konkurranse om kjærleiken til Esther Lyon. Igjen inneheld handlinga kontrastar mellom samfunnsklassar og personar som må velje kva klasse dei høyrer til.

Middlemarch er ein typisk engelsk småby rundt 1830, og folkelivet på godt og vondt får stor plass i boka, så vel som lokale og nasjonale politiske hendingar. Dorothea Brooke gjer det feilgrepet å gifte seg med presten Edward Causabon, ein pretensiøs og pedantisk mann som aldri blir ferdig med sitt såkalla storverk, ‘Nøkkelen til alle mytologiar’. Dorothea er intelligent, idealistisk og from, og trur dei skal samarbeide om noko stort, men prosjektet blir meir og meir meiningslaust og ektemannen kaldare og kaldare mot henne. Verkeleg kjærleik opplever ho i møte med den jødiske outsideren, Will Ladislaw, og som enke gir ho avkall på formua for å gifte seg med han. Romanen blei omsett til norsk året etter han kom ut, gjekk som føljetong både i Aftenposten og Bergensposten og vart så trykt som bok. Så gjekk det over hundreogtjue år før boka kom i ny norsk utgåve i 1995.

Daniel Deronda er eigentleg jøde, men veks opp som engelsk gentleman utan å kjenne røtene sine. Han blir dradd mellom to svært ulike kvinner. Den eine er Gwendolen Harleth som gambler både med pengar og med livet sitt; ho giftar seg med ein rik sadist for å berge familiens økonomi. Den andre er Mirah Lapidoth som syng så vakkert, men er djupt ulukkeleg etter å ha mista kontakt med mora og blitt forsøkt seld for pengar av faren. Daniel greier å spore opp dei tapte familiane, og finn ny meining i planane om eit eige heimland for å samle undertrykte, forfølgde og forakta jødar. Romanen er aldri blitt omsett til norsk.

Folk i Norge kunne lese nokre av Eliots romanar i omsetting på dansk frå 1859 og på norsk frå 1873. Og norske elevar kunne lese fortellinga om Amos Barton på engelsk (med forklaringar og innleiing) i ei skule-utgåve så tidleg som 1885. To titlar vart omsett til norsk medan forfatteren framleis levde, og i alt sju fram til 1919. Så blei det stillare rundt namnet hennar, med unntak av 1950-og 1990-talet, då det kom nye omsettingar. Men vi merkar oss at Ivar Aasen var ein av dei første som prøvde å omsette henne til eit anna språk. Alt i 1861 sat han og laga ein nynorsk versjon av eit utdrag frå Adam Bede, og kanskje likte han godt ‘landsmålet’ hennar, som samstemte så bra med hans eige arbeid for å samle dialektane til eit nytt språk. I nyare tid er berre to av romanane omsett på nytt, og det er difor i dag i altfor liten grad mogleg å lese George Eliot på norsk. For dei som vil vite meir om korleis George Eliot er blitt brukt her i landet er der eit eige norsk kapittel i boka The Reception of George Eliot in Europe.

Scenes of Clerical Life (1857)

  • Ingen komplett norsk utgåve, men to av fortellingane er trykt som eigne utgjevingar:
  • Janets Anger (1896). Omsett av Thora Storm.
  • Amos Barton og vanlagnaden hans (1919). Omsett av Henrik Rytter.

Adam Bede (1859) er omsett til norsk to gonger, pluss eit kort utdrag:

  • ‘Av «Adam Bede» av George Eliot’ (1861/1912). Utdrag omsett av Ivar Aasen.
  • Adam Bede (1910). Omsett av Anna Lassen. (Heile romanen)
  • Adam Bede (1954). Omsett av Sverre Brændeland. (Svært forkorta utgåve.)

‘The Lifted Veil’ (1859) (kortroman)

  • Det løftede slør (1878). Anonym omsetting.

The Mill on the Floss (1860) er omsett til norsk to gonger:

  • Møllen ved Floss (1895-96). Omsett av Christian A. Bugge.
  • Møllen ved Floss (2002). Omsett av Mona Lyche Ramberg.

Silas Marner (1861) er omsett til norsk to gonger:

  • Silas Marner: Væveren fra Raveloe (1892). Anonym omsetting.
  • Veveren fra Raveloe (1950). Omsett av Ruth Nissen-Drejer.

Middlemarch (1871-72) er omsett til norsk to gonger:

  • Middlemarch: En Fortælling af det engelske Provinsliv (1873). Anonym omsettar.
  • Middlemarch: Bilder fra livet i provinsen (1995). Omsett av Mona Lyche Ramberg.

Mellom 1911 og 1924 vart det laga fleire stumfilmar over Adam Bede, Daniel Deronda, Felix Holt, The Mill on the Floss, Romola og ikkje minst Silas Marner.

Adam Bede (1992). Giles Foster, regi. Maggie Wadey, manus. BBC fjernsynsfilm.

Daniel Deronda (1970) Joan Craft, regi; (2002) Tom Hooper, regi, Andrew Davies, manus. Begge var BBC miniseriar.

Middlemarch (1968) Joan Craft, regi; (1994) Anthony Page, regi, Andrew Davis, manus. BBC miniseriar.

Middlemarch: The Series (2017). Rebecca Shoptaw (regi og manus). Fortald som video-dagbøker (vlog) i moderne amerikansk setting.

The Mill on the Floss (1936) Tim Whelan, regi; (1978) Ronald Wilson, regi, James Andrew Hall, manus, miniserie; (1997) Graham Theakston, regi, Hugh Stoddart, manus, fjernsynsfilm.

Silas Marner (1964) Harold Clayton, regi, Constance Cox, manus, fjernsynsserie; (1985) Giles Foster, regi og manus, Ben Kingsley i hovudrolla, fjernsynsfilm.

Anderson, Amanda og Harry Shaw (red), A companion to George Eliot, Chicester: John Wiley & Sons, 2013.

Chase, Karen (red), Middlemarch in the Twenty-First Century, Oxford University Press, 2006.

Hughes, Kathryn, George Eliot: The Last Victorian, London: Fourth Estate, 1998.

Davis, Philip, The Transferred Life of George Eliot, Oxford University Press, 2017.

Shaffer, Eleanor og Catherine Brown (red.) The Reception of George Eliot in Europe, London: Bloomsbury, 2016.

Sørbø, Marie Nedregotten, ‘George Eliot in Norway: The Enthusiasm that Petered Out’, i The Reception of George Eliot in Europe, London: Bloomsbury, 2016, s. 134-153.