Tilbake til artikkelen

Tilbake til historikken

Andreas Pedersen Seierstad

Versj. 9
Denne versjonen ble publisert av Hallgeir Elstad 1. oktober 2017. Artikkelen endret 54 tegn fra forrige versjon.

Andreas Pedersen Seierstad, norsk teolog og kyrkjehistorikar, bror av Ivar Pedersen Seierstad. Han blei cand.theol. i 1921 og dr.theol. i 1924. Frå same år var han dosent ved Det teologiske menighetsfakultet og professor i kyrkjehistorie same stad frå 1945-60. Han var dekan frå 1946-54.

Seierstad gav ut mellom anna doktoravhandlinga Kyrkjelegt reformarbeid i Norig i nittande hundreaaret (1923), Olavsdyrking i Nidaros og Nord-Europa (1930) og mindre avhandlingar om norsk kyrkjehistorie, særleg mellomalderen, reformasjonstida og 1800-talet, dei fleste prenta opp att og samla i Fedrearv og kristenkall (1965). Han var medredaktør av Tidsskrift for teologi og kirke i 1930–60 og medlem av Den midlertidige kirkeledelse i 1943–45.